Lokalnytt

Tor Tryggestad ny styreleiar i Foreininga Sunnylven Samfunnshus

Tor Tryggestad.

Tor Tryggestad vart valgt til ny styreleiar i foreininga Sunnylven Samfunnshus på årsmøtet 7. februar. Årsmøtet vart halde i Fossedursalen og til saman 11 personar møtte fram. Her er referat frå møtet og årsmeldinga for 2017.

Årsmøte 07.02. 2018
Tid: kl. 19.30 – 21.00. Stad: Fossedursalen.

Leiar i styret, Rune Hole, ønska først alle vel møtt.
Til saman 11 personar møtte fram.

Sakliste for årsmøtet:
1. Val av ordstyrar, referent og to personar til å skrive under møteboka.
* Ordstyrar: Rune Hole.
* Referent: Arne Inge Tryggestad.
* Skrive under møteboka: Arild Hole og Magnar Hauge

  1. Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.
    * Møteinnkallinga: Ingen merknad.
    * Saklista: Ingen merknad.
  1. Årsmelding for 2017.
    * Sekretær Arne Inge refererte årsmeldinga
    * Merknader: Ingen. Samrøystes godkjend.
  1. Rekneskap for 2017.
    * Rekneskapsførar Arild Hole ref. rekneskapen og kom med enkelte kommentarar.
    * Merknader: Ingen. Samrøsystes godkjend.
  1. Val av leiar, styremedlemer, varamedlemer, ettersynsperson og valnemnd.

Leiar av valkomiteen, Egil Røyrhus kom med desse framlegga:
Inghild Storstein vald for 2018. Stod ikkje på val.
Gunn Tryggestad vald for 2018. Stod ikkje på val.
Even André Bjørneset vald for 2018. Stod ikkje på val.
Eivind Louis Helset vald for to år – 2018 og 2019.
Tor Tryggestad vald for to år – 2018 og 2019.

Pluss ein styremedlem utpeika av Sunnylven skule.
Styreleiar: Tor Tryggestad vald for 2018.
Dei andre i styret konstituerar seg på første styremøtet.

Alle val var samrøystes.

Varamedlemer til styret:

  1. Egil Røyrhus vald for 2018
  2. Olveig Frøysa vald for 2018
  3. Per Ottar Alme vald for 2018

Prioritert rekkefølge.

* Ettersynsperson / Revisor:
Oddbjørg Stadheim vald for 2018

* Valnemnd:
Magnar Hauge, leiar vald for 2018.
Inge Bjørdal vald for 2018 og 2019.
Wenche Solli vald for 2018, 2019 og 2020.

Alle val var samrøystes.

  1. Medlemskap i Sunnylven samfunnhus og fastsetjing av medlemskontingent.
    Styret innstiller på uendra medlemskontingent for 2018.
    Samrøystes vedteke.

Ymse.
Litt diskusjon om aktuelle ting om drifta av samfunnshuset, samt det føreståande oppussinga av skulen.
Det vart servert kaffi og kaker, samt ei enkel utlodding av diverse gevinstar.

Her kan du lese årsmeldinga for 2017.
[pdf-embedder url=»https://www.hellesylt.info/wp-content/uploads/2018/02/Årsmelding-2017.pdf» title=»Årsmelding 2017″]

Du kan bla i årsmeldinga ved å bruke pil-tastane nede i venstre hjørne.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info