Lokalnytt

Unge kokkar laga festmåltid

Elevane frå matfaglinja ved Stranda vidaregåande skule, frå venstre Signy, Johan Georg og Binjam jobba sjølvstendig og hadde det dei trengte på kjøkkenet for å lage festmiddag til bebuarane på Sunnylven omsorgssenter.

Det vart seibiff med løk, poteter, brokkoli og gulrot til middag for pensjonistane ved Sunnylven omsorgssenter torsdag. Desserten var mandelpudding med bringebærsaus.

Torsdag kom elevar frå Stranda vidaregåande skule, matfag til Sunnylven omsorgssenter for å lage og servere middag. Det vart eit festmåltid.

I år var det tredje året SVG-matfag besøkte Sunnylven omsorgssenter, og det dufta god middag frå jobbinga til dei tre unge kokkane, Signy, Johan Georg og Binjam. På menyen torsdag stod seibiff, ei vare det har blitt vanskeleg å få tak i. Poteter, løk, brokkoli og gulrøter er meir vanleg i butikkhyllene.

Saman med elevane var også faglærar Per J. Alnes. Den dyktige pianisten hadde rigga opp instrumentet sitt og «leita» fram fleire melodiar som lage dagen ekstra triveleg for bebuarane.

Elevar frå matfaglinja ved Stranda vidaregåande skule har vore innom omsorgssenteret på Hellesylt og laga mat på huset sitt kjøkken også tidlegare, ei yrkeslinje som har jamt god søknad kvart år. Elevane er rundt i praksisarbeid på fleire institusjonar og lagar mat i løpet av læringstida.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380