Vann det 47. Honndalsrennet

Anniken Hjellbakk Hole har vist god langrennsform og går for ny personeleg bestetid i Birkebeinerrennet 17. mars. Her etter målgang i 2017.

Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL og André Haugsbø, Gaular IL vart vinnarar av damer og herrer i det 47. Honndalsrennet søndag.

Anniken Hjellbakk Hole kvesser langrennsforma til Birkebeinerrennet. For to veker sidan vann ho det 40 km. lange rennet Tverrfjelldilten med Markane IL som arrangør, og søndag vart det ny siger i det 28. km. lange Honndalsrennet. Sluttida for sunnylven-løparen var 1.34.07 som var 3.32 min. raskare enn Bodil Vartdal Ryste, Gaular IL.

I alt 27 løparar fullførte Honndalsrennet 2018. Volda fekk prisen for beste tremanns-lag, føre Eid og arrangøren Hornindal IL.

Går Birkebeinerrennet

Anniken Hjellbakk Hole var einaste deltakar frå Sunnylven IL. Truleg blir ho også det i årets Birkebeinarrenn frå idrettslaget. Den 54. km. lange styrkeprøva mellom Rena og Lillehammer går ho for sjuande gong der Anniken si personlege bestetid er 3.12.40?

Resultat frå Honndalsrennet 2018:

https://www.skiforbundet.no/globalassets/06-krets—medier/sogn-og-fjordane/langrenn/resultat/2017-2018/resultatliste-honndalsrennet-2018.pdf

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380