Vedlikehald på kaia før ferjestart

I desse dagar blir det utført eit mindre vedlikehald på ferjekaia på Hellesylt. Turistferja mellom Geiranger og Hellesylt startar opp 1. april.
På kaia på Hellesylt blir det no utført vedlikehaldsarbeid. Det er fenderverket av tre langs kaia som blir skifta ut med ein betongkant og nytt treverk. Arbeidet blir utført av Mesta og er godt i rute til å bli ferdig til søndag 1. april. Då startar turistferja mellom Geiranger og Hellesylt opp sesongen igjen. Og det er ingen aprilspøk, The Fjords startar sesongen rekordtidleg i år, fyrst med ei, og frå 20. mai med to turistferjer i følgje rutetabellen.
To ferjer frå mai
Det er truleg gamle gode Bolsøy som opnar ferjesesongen på Verdsarvfjorden også i år og som varer ut oktober. I starten og på slutten blir det fyrst tre, så fire daglege turar, og frå 20. mai og til 10. september viser rutetabellen åtte turar dagleg med to ferjer mellom dei to turistmagnetane Geiranger og Hellesylt.
Billettprisar
Billettprisane aukar med 10 – 15 prosent i år. Ein billett for vaksen person kostar 285.-, for ein privatbil 580.-, og for buss mellom 14.0 og 17.0 meter blir billettprisen 1720.- kroner for ein ferjetur..
I 2015 vart billettprisane skrua opp med over 50 prosent, men auken slo ikkje ut i mindre trafikk. Sesongen vart god både i antall passasjerar og bil/bussar, og då med spesielt mange reisande frå Asia. Selskapet hadde god trafikkauke både i 2016 og i fjor.
Sjå oversikt over rutetider og billettprisar her: http://thefjords.no/files/documents/fjord-cruise-geirangerfjord-2018.pdf