LokalnyttLokalsport

Årsmøte i Sunnylven Idrottslag

Sunnylven Idrottslag har lagt eit nytt godt år med gode idrettsprestasjonar og økonomisk styring bak seg. 2017 var året då fleirbruksanlegget i Hyttehola fekk klubbhus av nasjonal standard.

Leiar Per Ingebrigt Karbø kunne ønske rundt 20 medlemer vel møtt til årsmøte i Sunnylven Idrottslag sist torsdag. Saklista med vanlege årsmøtesaker gjekk greitt unna, både årsmeldingar frå hovudstyre og undergrupper vart samrøystes godkjent utan merknader. Det same vart rekneskapen for laget som viste eit solid overskot.

Det som skapte vanskar og tok tid var val av styre for fotballgruppa. Valnemnda hadde jobba svært aktiv for å få på plass eit styre for Sunnylvs-fotballen, men sjølv om dei to i valnemnda, Jens Arve Forbord og Grete Bjørdal hadde snakka med mange og ringt meir enn hundre personar hadde dei ingen nye for dei tre som hadde sagt frå seg attval. Dei tre andre som ikkje stod på val eller tok attval var Lillian Aasheim, Egil Røyrhus og Kirsti Frøysadal Hauge. Lillian Aasheim hadde sagt ja til å ta på seg leiarvervet i fotballgruppa, og både ho og dei to andre fekk årsmøtet si tilslutning.

Mange aktive i fotball

Det fall til dels skarpe kommentarar til at det enno eit år er vanskeleg å få styremedlemer til fotballgruppa, ein del av idrettslaget som vil ha 85 aktive i år. Det kom ytringar i retning av at ein kanskje burde vurdere å legge ned heile fotballgruppa i laget. Det vil i tilfelle berøre mange aldersbestemte lag, eit samarbeidslag damer med Stranda, og eit nystarta senior herrelag. Ein så drastisk utgang vart likevel ikkje vedteke. I fyrste omgang vil det bli kalla inn til eit foreldremøte for å sjå om ein kan finne ei løysing.

Val

Hovudstyre:

Leiar: Per Ingebrigt Karbø,

Styremedlemer: Per Amund Frøysa, Jens Vik, Tarjei Korsbrekke. I tillegg alle leiarane for alle undergrupper i Idrettslaget.

Fotballgruppa.

Leiar: Lillian Aasheim

Styremedlem: Egil Røyrhus, Kirsti Frøysadal Hauge. (Ein eller to til må inn.)

Kioskgruppe.

Medlemer: Erna Hellebostad, Gunnhild Live Folldal, Lill Susann Hole.

Sponsorgruppe.

Medlemer: Frank Øksvang. (Styret jobbar for å finne ein person til.)

Banenemnda.

Leiar: Frode Nessan

Styremedlemer: Ole Aasen, Alf-Helge Nessan, Knut Arne Leite, Kristoffer Frøysa, Sigurd Kjellstad

Skiskyttargruppa.

Leiar: Magne Brekke

Styremedlemer: Magnar Tufte Tyssen, Lisbeth Lervik, Geir Støverstein

Skigruppa.

Leiar: Hans Hole

Styremedlem: Linn Kammen, Anniken Hjellbakk Hole, Anne Karin Brenne Ringdal, Gisle Aaland, Maria Tryggestad Aaland.

Trim/friidrett.

Leiar: Jostein Ringdal

Styremedlemer: Ruth Hole Aaland, Gunnar Sårheim Fivelstad, Amund Lien, Olav Andreas Sætreås, Karolin Parthe.

Hellesylt Treningssenter.

Leiar: Susanne M. Ringdal

Styremedlemer: Arne Tronstad, Inger Ann Nybø, Ramazan Øcal, Rebecca Julie Ringdal.

Valnemnd: Grete Bjørdal, Eivind Louis Helset

Revisorar: Annvor Tryggestad, Inge Røyrhus

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380