Avgjorde for Tronstad jaktlag
Unge Kristian André Frøysadal Hauge skaut til hundre og sikra sigeren for Tronstad jaktlag i årets bedriftscup. Vinnarlaget bestod også av Svein Magne Frøysadal og Svenn Roger Alme.
Tekst/foto: Rune Tryggestad / Sunnylven skyttarlag
Sunnylven skyttarlag avslutta årets bedriftscup i miniatyrskyting med finale onsdag 14. mars. Det vart ein nervepirrande kamp om heider, medalje og store og små pokalar til siste smell.
Årets bedriftscup vart akkurat så jamn og spanande som forventa. Før finaleskytinga leia Tronstad Jaktlag, fire poeng føre Bjørdal Jaktlag og med Ole Ringdal 1. på tredjeplass. Etter at to av skyttarane på alle lag hadde skote i finalen leda Bjørdal Jaktlag med to poeng føre Tronstad Jaktlag. Helset Storfe hadde skote seg opp på tredjeplass.
Ungdom berga sigeren
Ankermennene til dei tre laga kniva heilt til siste slutt, og då siste skot var avfyrt fikk Kurt Erik Sundgot anvist 98 poeng, som var eit fattig poeng for lite mot for å vinne samanlagt då yngste skyttar på vinnarlaget, Kristian Andre Frøysadal Hauge fekk anvist 100 poeng.
Etter som finalen tel dobbelt vart poengsummen 2038 og siger med to poeng for Tronstad Jaktlag mot Bjørdal Jaktlag på andreplass med 2036 poeng. Bronsa gjekk til Helset Storfe med poengsummen 2031.
Resultat Bedriftscup 2018: 1.r 2.r. 3.r. 2.best. Finale Sum
Tronstad jaktlag 729 717 731 1460 578 2038
Bjørdal Jaktlag 721 729 727 1456 580 2036
Helset Storfe AS 715 733 720 1453 578 2031
HT Bygg 714 722 720 1442 572 2014
Nebbedalen jaktlag 704 716 713 1429 580 2009
Ole Ringdal 1 709 726 725 1451 558 2009
De gamles Håp 701 712 707 1419 572 1991
Stabburet 1 702 697 695 1399 576 1975
Ole Ringdal 2 694 684 696 1390 574 1964
De gamles Håp 2 650 680 684 1364 550 1914