LokalnyttLokalsport

Avslutta med siger

Klassevinnarane i Sparebanken Møre Cup 2017/18 fekk sine premiar under avslutningsrennet søndag

Sparebanken Møre Cup i langrenn vart avslutta med niande renn og premieutdeling ved Skaret skisenter, Molde søndag. Suveren vinnar i jenter 16 år vart Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL.

Det siste rennet i SBM Cup gjekk i fristil med 57 deltakarar, Mellom dei var Kristine Hjellbakk Hole, einaste premierte deltakar i cupen frå Sunnylven IL. 16-åringen har delteke i sju av renna og vunne alle. Dermed vart det suverene 700 poeng og sikker vinnar av sjekk frå hovudsponsoren slik alle klassevinnarane fekk.

Resultat.

Kristine Hjellbakk Hole kom i mål på 22.39, med Guro Eline Vollan, Tomrefjord på andre plass. Vinnartida i J16 var mellom dei aller beste over 7.5 km. berre tre i G15 og to i G16 gjekk raskare.

Kristine Hjellbakk Hole slutta som ho starta i SBM Cup, med siger. (Foto: Privat)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380