Cuprenn avlyst

Det sjette og siste rennet i Sunnylvscup på ski i dag torsdag 1. mars er avlyst. «Sibirkulden» i skianlegget i Hyttehola er årsaka.

Dei aller fleste deltakarane i Sunnylvscupen på ski har tre eller fleire renn alt, som gjev premie under påskebingoen til skigruppa tysdag 27. mars.

Fristilrennet i dag 1. mars er avlyst, men om rennet blir arrangert når gradestokken viser færre blå er ikkje kjent. Det blir i tilfelle annonsert på hellesylt.info

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380