Dalarane fann G-en laurdag kveld
Palmelaurdag var det Grendakveld i Sunnylven for 41. gong. Vi var på Bacecamp Hotell der det vart ein svært trivleg kveld med servering av både underhaldning, mat og dans til folkets danseband, Contrazt.
Hellesylt har fått sitt hotell, ei nye storstove på Bacecamp Hotell. Vi var der laurdag kveld saman med 240 andre, og på scena stod ei revygruppe som kalla seg «Dalarane». Ein morogjeng med eit vidt aldersspekter, frå 15 til 75 år pluss.
Hos revygruppa «Dalarane» har det vore ein snørik vinter så det har blitt lite utearbeid så langt. Men dei hadde tydeleg vis nytta tida godt likevel, for underhaldninga var av høg standard som lokka fram sjeldan høge latterbrøl. Om det var mykje greinalaust kom også seriøse innslag av kvalitetar få kan lage. Vi nemner fyrst revyen sitt husband med Knut Iver, Oddmund, Gunne og Synnøve, og ikkje å forgløyme dei aller yngste, Kristine og Johanne som opna og avslutta med kvikke tonar til kvelden og heimbygda si.
Men det hadde oppstått eit problem for «Dalarane» som nesten førte til avlysing av programmet. Dei hadde mista G-en i annonsering så det hadde stått rendakveld ein stad. Og for maskinfirmaet til Asle hadde det blitt ekstra store problem, det hadde blitt raving av røfter og leverin av rus og sinel.
I resepsjonen på Bacecamp Hotell samlast også eldre dalarar til mimring og ein prat over ein kopp kaffi. Ivar, John, Jostein og Astrid hadde opplevd mykje i sitt yrkesaktive liv, både i posten, som doktor og som bonde. Diskusjonen tok seg opp då postmannen vart skulda for å hive pakkar ut bildøra på grunn av dårleg tid, doktoren hadde hjelpt enkelte med å piffe opp sexlivet, og bonden tykte det hadde blitt kjedeleg med mjølkerobotar i fjøset. Slik gjekk samtalane med gode poeng i alle retningar, Og stadig kom rimskalden Peder Rune på scena og deklamerte eigne dikt om ting både han og andre hadde opplevd.
Til Bacecamp Hotell kom også sprengingsekspert «Leitepus» for å bu nokre dagar. Han skulle sprenge vekk Åkneset, det var inga sak. Alt skulle vekk, det skulle bli igjen ei lita steinrøys ein stad på Austlandet av heile fjellet. Også kjendisane Pilgaard og Sand kom innom hotellet på Hellesylt, eit hotel som tydeleg vis var blitt ein suksess.
Om vi får lov å peike på eit par høgdepunkt i revyen, må vi ta fram Leif Arne og Karl Johan si forteljing om presten som køyrde bil til Norangsdalen der han fann ein død sau i veggrøfta. Skrøna var krutande godt fortalt av Leif Arne som heile tida fekk rare spørsmål tilbake frå Karl Johan. Ei likevel god historie som minte om at Norangsdalen ikkje har mobildekning og Stranda ikkje har fast lensmann.
Så var det Gunnhild Live, ordførarfrua som i brudestas stod fram og song fritt, men litt anklagande om manglande hjelp på garden frå sin Jan Ove. Ho håpa på litt meir hjelp og venta på eit lite frieri snart. Vi minner om at også dette var ei revytekst. Men kanskje blir det bryllaup på Bacecamp Hotell etter dette.
Revygjengen «Dalarane» var i storslag i meir enn ein time. Vi seier vel blåst til dei som er omsnakka i dette referatet og til alle dei andre. Vi går gjerne til Bacecamp Hotell til fleire slike kveldar. Og G-en dukka opp til slutt så vi seier GRATULERER!