Deltok i krinsrenn skiskyting

Sunnylven IL skiskyting deltok med ni løparar søndag.

Under krinsrennet i skiskyting i Volda laurdag og søndag deltok seks frå Sunnylven IL på laurdag og ni søndag.

Seks av deltakarane frå Sunnylven var yngre løparar som deltok i klasser utan rangert resultatliste. Ut frå skytinga gjekk det svært så bra med alle . Kvar skaut ti skot, til saman 60 skot. Det vart totalt 14 strafferundar, noko som må seiast å vere bra og lovar godt for nye renn.

I dei eldre klassene vart det siger i G13 til Elias Helset på søndag etter feilfri skyting. Laurdag kom han på 5. plass. I J11 vart Sofie Kjellstad nr. 3. både laurdag og søndag, og i J12 vart det 2. og 4. plass på Nikoline Frøysa Hellebostad. Lone Ringdal i J13 deltok laurdag og vart nr. 8.

Sofie Kjellstad vart nummer 3 begge dagar. (foto: Jørgen Helset)
Elias Helset skaut fullt hus på søndag og vart nr. 1 (foto: Jørgen Helset).
Nikoline Frøysa Hellebostad vart nummer 2 på laurdag og nummer 4 på søndag. (foto: Jørgen Helset).

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380