Driv turisthotell i mobilskugge

Iris Fivelstad er fregattsjef på KNM Otto Sverdrup av profesjon. Heime i Nibbedalen driv ho Villa Norangdal eller slappar av med god kaffi på Hellesylt Boutiqe & Bar som syster Ellen Angelika driv.

I januar vart Iris Fivelstad fartøysjef på fregatten KNM Otto Sverdrup. Eit ærefullt verv som ho var glad for å få. Men ho gløymer ikkje sin andre profesjon, eigaren av Villa Norangdal.

Heime i Nibbedalen lever Iris i mobilskuggen som ho kallar det. –At vi i Nibbedalen i 2018 bur og lever utan mobildekning er litt rart. Oldemor mi dreiv rikstelegraf i Nibbedalen i 1901 med fem abbonentar. Vi var ikkje eigen nasjon ein gong, men det vart bygt ny telefonlinje heile vegen ut gjennom dalen. Faktum er at etter tida var det betre telefondekning då enn i dag.

På Haugen i Nibbedalen eig Iris Fivelstad ei turistperle, hotellet Villa Norangdal. -Å fortelje gjestane at her ikkje er mobildekning er knappas om dei trur. Litt lenger ut mot Norangdalen er det sett opp mast med sendar for naudnettet. Det er litt rart å tenkje seg at politi og redningsmannskap skal kome hit for å redde nokon som ikkje har samband og kan melde frå kvar dei er, seier ho.

Leitar etter kontakt

Og ho held fram. -I Nibbedalen er store gardsbruk med geiter og fjøs med mange storfe og mjølkerobot. Det er utfordrande å drive utan mobildekning då mykje i dag er digitalisert. Mobiltelefonen er eit nyttig verktøy både til overvaking av utstyr og i visse tilfelle til reparasjon og restart.

Å drive hotell utan mobildekning skulle ein nesten tru ikkje gjekk ann, men det går. Gjestane svirrar rundt og leiter etter utslag på mobilane sine, men nei. Dei må nytte seg av hotellet sin fasttelefon eller internett.

På Haugen i Nibbedalen finn vi Villa Norangdal. Mange kalla staden for Fivelstadhaugen, men det er feil . Hotelleigaren fortel at namnefeilen oppstad då det var rikstelegraf der. Også i Hornindal var det telegrafstasjon på garden Haugen, og for å skilje dei to vart namnet Fivelstad brukt. «Ring Fivelstadhaugen», vart det sagt, fortel ho.

Opnar for sesongen

Villa Norangdal opnar sesongen 8. mars med ei gruppe frå Ute-guiden. Det er skituristar som får boltre seg og velje mellom mange flotte turar i Hjørundfjordfjella, på Ljøfjella, Kvitegga eller til Litlenebba (Blæja). I år er det masse snø så sesongen vil nok vare ut mai, trur hotelleigaren. Og etter ein liten pause mellom snø og sommar kjem fotturistane der spesielt august og september brukar å vere bra.

-Det er svært spennande tider i reiselivet no, der det vært spådd stor vekst. Då er det viktig å ha ein grundig prosess på kva slag turisme ein vil ha. På Hellesylt har vi hatt både cruiseturistar og fjellturistar sidan 1800-talet, og vi har lange tradisjonar i faget. Både oldeforeldra mine, og familien Stadheim på Grand Hotell, tok i mot dei reisande, både kongelege gjestar, rallarar, lakselorder og fjellturistane, samt sjølvsagt «storefylgje» fra cruiseskipa.

 Ris, croissantar og nugatti

Og Iris Fivelstad held fram; -Å lukkast med tursime er ikkje enkelt, det er hardt arbeid, lange dager og store svingingar. Vil gjestene har kortreist mat? Vi liker å tru det, men asiatar, som er ein stor marknad vil helst ha ris. Franskmenn tek croissant med nugatti frå frukostbuffeten framfor nysteikt brød frå Geiranger Bakeri med nyrørte bær frå Valldal, dersom dei kan velge. Friluftsliv slik vi opplever det, er ekstremsport for indarane. På seg sjølv kjenner ein andre, eller på seg sjølv kjenner ein ingen.

Hydrogenanlegg

-Og kva skal Hellesylt bli, ei klassisk turistbygd med lange tradisjoner. Kvar vil vi og kva er berekraftig for bygda på sikt?, spør Iris og held fram;

-Eg har registrert at det er mykje begeistring for Hydrogen-utbygging, men sett lite eller ingen fakta i saka. Kva inneber eigentleg eit slikt hydrogenanlegg i sentrum, og korleis skal det framførast kraft til anlegget, korleis vil det sjå ut? Blir det høgspentmaster eller nedgraving av kabel, og kva risiko er forbunde med anlegget. Er det realistisk å tru at nokon vil kjøpe hydrogen og i så tilfelle kven. Og kor mykje hydrogen må ein selje for at det skal vere berekraftig for bygda å satse på noko slikt?

Iris Fivelstad ser positivt på at det kjem eit nytt hotell på Hellesylt og håper på samarbeid. Ho fortel at Villa Norangdal har eit godt samarbeid med 62Nord også i dag gjennom Hotel Union på Øye.

Inn i «Hanen»

-Turistar er ein fornybar ressurs, det handlar om marknadsføring. Utgiftene er der så vi må heile tida leite etter måtar å vise oss fram på. Momsen på våre tenester har auka med 50 prosent på fire år til 12 % frå 1. januar, og når bookingselskap tek 15 % av salet går meir enn ein fjerdedel ut før vi tener pengar, seier Iris Fivelstad.

Ho fortel at frå sesongen i år har hotellet meldt seg inn i «Hanen», ein næringsorganisasjon for bygdeturisme og gardsmat. Organisasjonen har fokus på mellom anna kultur og opplevingar knytt til bygdebasert reiseliv og landbruk. – Vi melde oss inn i «Hanen» og ønskjer å vere ein pilot i eit prosjekt i innovasjon Norge.

Renn forbi

I år er det 11 sesongen med drift etter at Villa Norangdal opna i 2007. Det har gått medium bra så langt, seier Iris, men vedgår at det er utfordrande å få eit så lite prosjekt til å lønne seg, å bere alle kostnadane for eit hotellet med berre fem rom. -Vi kunne ha selt femten, for no blir det som med eit elvekraftverk, flaumvatnet renn forbi utan at ein får gjere seg nytte av det.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380