Folkets danseband til Hellesylt

Dansebandet Contrazt blir å høyre på Sunnylven samfunnshus laurdag 24. mars.

Hellesylt Ungdomslag satsar stort for den glade dansefoten under årets grendakveld. Då kjem dansebandet Contrazt.

Contrazt, eitt av dei mest populære danseband i Norge sidan starten i 2005 spelar opp til dans etter revy og servering under grendakvelden i Sunnylven samfunnshus laurdag 24. mars. Bandet har turnert på dansetilstellingar både i Sverige og Norge dei siste åra, men til Hellesylt blir fyrste gongen. Kanskje ikkje den siste heller for dei stemningsskapande musikarane.

I 2015 deltok Contrazt i Melodi Grand Prix, har fem gonger blitt Gullskoen-vinnar, var årets danseband i 2011, 2012, og 2017, har spela inn 13 album og samla fire gulltrofé.

Bandet har Gro Anita Dybendal som sin dyktige og populære vokalist. Dei andre fire medlemane i dansebandet som mottok Våler kommune sin kulturpris i 2015 er; Leif Dybendal (gitar, vokal), Hans Olav Trøen (bass), Kay Ronny Brobakken (trommer), og Conny Nordvall (keyboards).

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380