Fullt hus på ølsmaking

Det var fullt hus på Hellesylt Boutique & Bar då Geiranger Bryggeri skjærtorsdag baud på smaksprøver av turistbygda sitt øl.
Bryggemeister Jakob Torp Årset hadde teke turen til Hellesylt der han saman med servitørar ved Hellesylt Boutique & Bar baud på smaksprøver frå Geiranger Bryggeri torsdag kveld i påska. I lokalet var det fullt av øltørstande ganer som i spaning venta på å få smake varene, i alt sju ulike typer øl.
Jakob Torp Årset er sjølv meisterbryggar, ein kultur som har gått i arv i slekta hans og som han held i hevd. Mellom anna har øl blitt gjæra av kveik som har gått i arv i generasjonar og som bestefar hans brukte, fortalde han. No var denne kveika kjemisk kontrollert og nyttar til gjæring av ei ny type øl ved Geiranger Bryggeri.
Geiranger Bryggeri leverte sju stortar og til saman 45.000 liter øl i 2017. Alle har namn etter stader, hendingar eller personar i Geiranger eller langs fjorden. På ølsmakarkvelden på Hellesylt fekk om lag 40 frammøtte smake på Vikingstøa Pale Ale, Sølvfest Brown Ale, Sju Søstre Single Hop, Studebaker Chocolate Stout og Bølgen Ipa. I tillegg kom bryggemeisteren med to nye øltyper som blir å få kjøpt på Vinmonopolet frå hausten av, Surøl, og Maxim Gorkij.
Surøl er laga av bringebærsaft frå Melchior-garden i Norddal. Det er meiska på 45 grader og gjæra på den tidlegare omtala kveika som er kontrollert i Canada der uønska bakteriar vart tekne bort, fortalde Årset og la til; -Det er steikje konge å ha si eiga familiekveik i bryggeriet.
Den andre nye øl-typen, Maxim Gorkij er mørkt av farge og skarpt i smaken. Det vart opplyst at ølet må lagrast fram mot eit år før det blir tappa og kjem i handelen.
Det såg ut til at alle sortar fall i smak hos ølsmakarane, kanskje nokre typer betre ann andre. Ved eit privat juryebord fekk Vikingstøa Pale Ale flest poeng, tett følgd av Sølfest Brown Ale. Bedømminga av Surøl, den nye typen varierte mykje, frå 1. poeng til toppskår 10. poeng. Slik er smak og behag, men Geiranger Bryggeri har truleg noko for alle øltørstige.