Lokalnytt

Gamleskulen gjeldfri

Det er installert elektrisk straum i gamleskulen, -men framleis kjem den beste varmen frå vedomnen, og det mest stemningsfulle lyset frå parafinlampen og stearinlysa, skriv leiinga i årsmeldinga.

Gamleskulen på Hellesylt er skuldfri og har pengar i banken. Det fortalde årsmeldinga frå styret som vart lagt fram på årsmøtet i foreininga Gamleskulen aktivitetsmuseum tysdag.

Berre sju medlemer møtte då Gamleskulen aktivitetsmuseum heldt årsmøte tysdag. Både årsmelding og rekneskap vart vedteke samrøystes, og heile styret tok attval. Styret for 2018 er:

Styreleiar: Kari Hauso Stadheim (attval)

Nestleiar: Marit Lovise Ljøen (attval)

Skrivar/kasserar: Odd Jostein Bjørdal

Styremedlem: Roar Folke Ljøen

Styremedlem: Eldrid Skrede (attval)

Varamedlemer:

1.Arne Ringdal

2.Stein Karstensen

3.Fredrik Stadheim

Valnemnd: Liv Jorunn Sporstøl (attval)

I alt 141 betalte medlemskontingent i foreininga i 2017. Det vart kommentert som eit flott resultat. I 2018 er det kome mange innbetalingar alt og mykje tyder på at medlemstalet vil halde seg og kanskje auke. Medlemskontingenten i Gamleskulen aktivitetsmuseum vart vedteken uendra, 100.-kroner.

-Det er kjekt å kunne melde at Gamleskulen aktivitetsmuseum har hatt eit godt år, og at den gamle skulestova er i god stand. I 2017 fekk vi gjort det som var planlagt, heiter det i årsmeldinga.

Arrangement

Under Hellesyltdagane var det tombola med sal av vaflar, kaffi og saft. Det gav eit rekordbra resultat med nær 7.000.- kroner i netto. Også inntekter frå eit godt besøkt adventstreff, fleire større og mindre gåver, mellom anna 25.000.- av Teft-middlar frå Sparebanken Møre kom inn til Gamleskulen aktivitetsmuseum. Foreininga er gjeldfri og har i tillegg pengar i banken.

Utanom faste arrangement har skulestova blitt nytta av elevar ved Sunnylven skule. Både mellomsteget og småskulen har fått oppleve skuletimar nær slik den var i gamle dagar.

Installert elektrisk straum

For nokre år sidan vart heile skifertaket med beslag og takrenner fornya, roteskada treverk vart skifta, og huset vart måla utvendig. I 2017 vart det installert elektrisk straum for både varme og lys i skulestova, og huset kan brukast også på kveldstid. Vidare vart eigedomsgrensene til skulen målt opp av Stranda kommune og merke slegne ned, og uteområdet vart planert og tilsådd.

Arbeidsplan

På loftet i skulehuset er noko av treverket angripe av mott, noko styret planlegg å foreta rådgjerer mot. Også ei forsterking av takkonstruksjonen vil bli vurdert. På uteområdet skal det plantast, og elles i 2018 blir det faste arrangement under Hellesyltdagane og advent.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380