Gjekk godt i Kongen`s stafett

Kristine Hjellbakk Hole gjekk ei kjempegod tredje etappe for Møre og Romsdal 1. i Kong Harald`s Ungdomsstafett i Holmenkollen søndag.

Møre og Romsdal skikrets stilte to lag i Ungdomsstafetten i Holmenkollen. Fyrstelaget vart til slutt nr. 15., tre plassar betre enn i fjor. Andrelaget vart nr. 28.

Alle etappe gjekk i fristil over 3.5 km. og på fyrstelaget gjekk Kristine Hjellbakk Hole, frå Sunnylven IL ei fantastisk god etappe, den sjuande beste etappetida av alle 16 års jenter.

Møre og Romsdal 1. fekk sluttida 36.41.7 og stilte dette laget ;

Lone Lorgen Øvrebust, Stordal IL, 9.34.4 (11)

Iver Nås, Eide IL, 9.12.2 (26)

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL, 9.08.5 (7)

Eskil Linge Glomnes, Valldal IL, 8.46.6 (25)

Vinnar av Kong Haralds`s Ungdomsstafett vart Akershus 1. på 34.31.3

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380