Lokalnytt

Godt frå gamle oppskrifter

Styremedlem, frå venstre leiar Anne Grete Hjelmeland Hole, Marit Hellebostad og Anne Marie Sømoen Frøysa mellom rekekoktail og ostespyd.

På Retro-kveld med Sunnylven bygdekvinnelag fekk smakssansane til rundt 50 damer oppleve matrettar både til fest og kvardag frå 70 –og 80-åra.

Sjeldan lever Sunnylven bygdekvinnelag etter ordet retro som betyr tilbake eller bakover. Det driftige bygdekvinnelaget er som oftast framoverlent og jobbar mot nye mål og trivelege samkome for medlemar og andre. Men den reverserande nemninga på kvelden torsdag vart triveleg med eit velsmakande kveldsmåltid til rundt 50 frammøtte. På Sunnylven kyrkjelydshus kom på bordet mange av dei mest vanlege og populære matrettane frå 40 – 50 år tilbake, og det fall i smak hos dei frammøte.

Variert meny

-Vi har prøvd etter beste evne å lage slike rettar og lage dei slik som vi gjorde på 70 -og 80-talet, sa styremedlem Inghild Storstein. At det var god mat også den gongen fekk alle oppleve og det bygdekvinnelaget «diska» opp med var ikkje akkurat fattigmannskost. Laget fylte opp koldtbordet med ein variert meny, terteskjell, rekekoktail, ostespyd, fromasjkake, svissrull, semilegrynspudding med raud saus, rullekake, blautkake, toskakake og masse, masse meir. I tillegg hadde gjestane rundt småborda valet mellom te, kaffi, saft eller vatn til drikke.

Også fleire sortar kabare vart sett fram.

Kvinnedagen

Leiar Anne Grete Hjelmeland Hole ønska vel møtt og fortalde at styret hadde diskutert kva arrangement laget skulle tilby sine medlemmer denne våren, og det vart altså eit godt måltid av «gamle» rettar. Arrangement med mat brukar å bli suksess for bygdekvinnelaget. Vi kan berre minne om julebord i laget, og ikkje minst potetballdag kvart andre år til alle elevar og tilsette ved Sunnylven skule.

Retro-kvelden til Sunnylven bygdekvinnelag vart mest mat og mykje prat, men innleiingsvis las Inghild Storstein diktet «Til kvinne er vi født» av Inger Hagerup, assosiert til kvinedagen 8. mars.

Café Snurrepiperier

Kvart andre år arrangerer Sunnylven bygdekvinnelag Café Snurrepiperier, ei utstilling av bruksting frå eldre tid. Laurdag 14. april håper dei å kunne vise fram ei stor og variert utstilling av sportsutstyr knytt til vintersport, som ski, stavar, skor, skøyter, klede og liknande. Dei håper mange vil hjelpe med å låne ut ting til denne utstillinga på Sunnylven samfunnshus.

Café Snurrepiperier er open for alle og det blir sal av brennsnut, kaffi og kaker.

Litt av koldtbordet før fleire kaker og kaffi vart sett fram.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380