GRENDAKVELDEN VART SUKSESS FOR BYGDARANE

Bygdarane takkar for seg.

Tradisjonen med ein årleg grendakveld vart fint ført vidare av Bygdarane laurdag. Den 8. grendakvelden i ei ubroten rekke, samla stuvande fullt hus og både program, mat og dans til slutt var av aller beste merke. Og neste år er det så sjøarane som skal føre tradisjonen vidare.

EIN HYGGJEKVELD MED ALVOR OG SKJEMT

Bygdarane hadde lagt opp til eit program som både kalla på alvoret og låtten, og lukkast med begge delar. Dei aller fleste innslaga hadde eit profesjonelt preg som synte at det låg lang øving bak. I den første delen av programmet må særleg nemnast Laila Engan og Oddvin Parr sine tolkingar av aktuelle og intense dikt om angst, maktmenneske og maktmisbruk. Dei leverte fin kunst. Ein interessant prolog ført i pennen av Solveig Sundgot, tok føre seg ting som har vore gjort i Sunnylven i det siste og saker som det vert arbeidd med. Erling Hole las prologen. Frå «Bygdaposten» refererte Erling Rusten ein del gode poeng og stubbar…

Jan Erik Øksvang syng «Do-Re-Mi».

Både song innslaga og sketsjane var vel gjennomarbeidde og vart fint framførte. Til trampeklapp stod Jan Erik Øksvang fram med Do – re – mi flott understøtta av fire «nynnedamer» som han kalla dei. Saman med Fredrik Stadheim gav Øksvang oss utdrag av repertoaret til Kurt Foss og Reidar Bøe, og Fredrik Stadheim hadde og funne fram ei av sine eigne viser, inspirert av høge herrar på kraftsynfaring i Sunnylvsbygda.

t.v. Kari Hauso Stadheim, Gerd Helset, lnghild Storstein, Brit Hauge og Torunn Hauge -på Innbrot i Samyrkelaget.

Mellom sketsjane stakk nok avsløringa av innbrotet på Samyrkelaget seg fram. Her var det lått og løye og mange råkande poeng frå først til sist. Like eins hadde sketsjen frå den nyopna frisørsalongen på Frøysa eit godt poeng. Og sjølsagt måtte det bønder frå Sunnylvsbygda til for å harsellere over alle tilskotsordningar som dei nyt godt av.

Både innleiingsvis og til avslutning hadde hygdarane skrive ein høveleg song som aktørane framførte. Det heile under sikker leiing av ein inspirert og morosam programleiar Geir Frøysa. Maten vi fekk servert var det og berre lovord om. Spekemat, brus, kaffi og blautkake i rikt monn. Og så til slutt ein svingom til langt på natt. Jau, det var retteleg ein hyggjekveld!

Erling Rusten.

Henta frå Sunnylvingen nr. 7 (25. mars 1983).

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info