Gullfest for skiløparar
Tysdag i påskeveka var det premiering med gullmedaljer for alle som deltok i Sunnylvscup på ski sist vinter.
Nær 70 unge langrennsløparar frå under 7 år til junior fekk sine premiar under skigruppa sin påskebingo på Sunnylven samfunnshus tysdag. Og her hadde premiepallen berre eitt trinn, det vart gullmedaljer til alle.
Skigruppa i Sunnylven IL omfattar både langrenn og skiskyting. Begge greinene har hatt eit tett samarbeid gjennom hausten og vinteren med både trening og renn, fortalde Anniken Hjellbakk Hole, styremedlem i langrennsgruppa innleiingsvis.
Det starta i september med rulleskitrening. Interessa for treningane var stor og etter kvart viste det seg at det måtte kjøpast inn fleire rulleskipar enn dei ti som skigruppa hadde. I oktober kom snøen og treningane vart flytta frå asfalt i Hellesylt sentrum til snø i Hyttehola. Ni damer tok utdanning som skitrenarar og har saman med foreldre stått for rettleiing under treningane.
I tillegg til Sunnylvscup og renn i skiskyting har skigruppa arrangert krinsrenn i Sparebanken Møre Cup og to krinsrenn i skiskyting med deltaking av totalt 30 startande løparar frå Sunnylven IL i konkurransane, fortalde Anniken Hjellbakk Hole.
Også leiar i skiskyttargruppa, Magne Brekke retta stor takk til foreldre og andre, ikkje minst for arbeidet som var lagt ned for å få opp det nye, flotte klubbhuset i Hyttehola. Det som har skjedd i Hyttehola det siste året var berre heilt fantastisk, meinte Brekke, noko også andre kan slutte seg til. Eit topp moderande fleirbrukshus for ski og skyting og som held nasjonal standard står ferdig til bruk.
Skigruppa hadde arrangert fem cuprenn sist vinter, eitt vart avlyst grunna streng kulde. I pausen i påskebingoen var 62 skiløparar premiert for deltaking i minst tre av dei fem renna. Dei nyutdanna trenarane fekk blomster frå ski –og skiskyttargruppa, og det same fekk dei to som har køyrt løypemaskina, Asle Fivelstad og Ottar Frøysa Hellebostad.