Held fram som styreleiar i Storfjordens Venner

Husmannsplassen Kurlå i Sunnylven stod ferdig restaurert i 2017, og vart markert under ei tilstelling i september.

Kjell Løseth frå Straumgjerde held fram som styreleiar i Storfjordens Venner, verneforeininga som tek vare på den gamle kulturskatten av bygningar mellom fjord og fjellgardar.

Storfjordens Venner heldt årsmøte på ungdomshuset Vaarvon i Straumgjerde laurdag 10. mars. På saklista stod vanlege årsmøtesaker, med val, årsrapportar og rekneskap.

Val

Styreleiar Kjell Løseth held fram og det same gjer nestleiar Bjørn Steinar Skarbø. Gro Anita Bårdseth, Volda og Ann Kristin Langeland, Sunnylven gjekk begge ut av hovudstyret. Styret for 2018 er;

Styreleiar: Kjell Løseth, Straumgjerde

Nestleiar: Bjørn Steinar Skarbø, Skarbø

Styremedlemer:

Nils Roger Matvik, Fiskarstrand

Mette Marie Døving, Fjørå

Olav Bratland, Stordal

Reidar Skarbø, Stranda (ny)

Janne Smoge Sævik, Remøy (ny)

Varamedlemer:

Eline Smoge, Valldal

Anne Giskemo, Geiranger

Arne Furstrand, Sykkylven (ny)

Prosjektgruppe:

Leiar: Odd Normann Hoff, Stranda

Medlem: Asgeir Kvernberg, Sjøholt

Medlem: Asle Ringdal, Sunnylven.

Årsmeldingar.

Det vart lagt fram fyldige årsrapportar både frå hovudstyret, prosjektgruppe og dugnadsgruppe under årsmøtet. Storfjordens Venner hadde 659 enkeltmedlemer, 50 familiemedlemskap og 8 bedriftsmedlemer i 2017, totalt 717 medlemer. I tillegg har foreininga 12 æresmedlemer.

Storfjordens Venner har vore etterspurd i lyd og lag for å fortelje om arbeidet i foreininga, oppdrag som både leiar og nestleiar og Asgeir Kvernberg kvar for seg har stått for. Heilt til Lillestrøm-området har slike foredragsturar gått.

-Å spreie informasjon og skape interesse for arbeidet på denne måten er viktig, -og det er alltid eit takknemleg publikum. Dessutan gjev det høve til sal av jubileumsboka (Med hjarte for verdsarven), Storfjordkalendaren, og skaffe nye medlemer, står å lese i årsmeldinga.

Gåver

Foreininga fekk mange gåver i 2017, også store pengebeløp og rause tilbod, som frå Randi Matvik Foldal. Tømmerhuset som stod på Lundanes ved inngangen til Geirangerfjorden vart flytta til Sykkylven. No ønska Folldal å overdrage huset gratis til Storfjordens Venner om dei flytta det tilbake og reiste det på grunnmurane på Lundanes igjen. Det har Storfjordens Venner måtte takke nei til, då foreininga ikkje har «økonomiske musklar» til å gjennomføre eit så stort prosjekt, berekna til 2.0 mill. kroner, heiter det i årsmeldinga.

Økonomi

I 2017 vart Storfjordstemnet halde på Langskipsøya i Ørskog der løa er restaurert. Stemnet gjekk med underskot, mot overskot året før. Storfjordens Venner har ein god og sunn økonomi. Tross store utbetalingar ved ulike prosjekt har foreininga hatt god likviditet i 2017 og rekningar har vorte betalt fortløpande ved forfall. Overskotet var på 96.482,-, litt mindre enn året før.

Største inntektspostane var sal av Storfjordkalendaren, særleg med annonsesal, og medlemskontingent. På utgiftsida er restaurering dei største summane.

I 2017 vart mellom anna husmannsplassen Kurlå i Sunnylven ferdig restaurert og det same vart stovehuset på Litlesætra. Det vart også utført vedlikehald på Holten, Blomberg. På arbeidsplanen for 2018 står løe på Litlesætra, murar på Smogeli og stovehus og naust i Djupdalen.

Æresmedlem

Under Storfjordstemnet i 2017 vart Asgeir Kvernberg, tidlegare leiar i Storfjordens Venner og ei eldsjel innan foreininga i mange år utnemnd til æresmedlem og fekk overrekt eit flott bilde i gåve.

Eit ferdig restaurert våningshus på Kulå vart markert med snorklipping av «restauratør» Kåre Løvoll. Snorhaldarar er til venstre prosjektleiar Odd Normann Hoff og styreleiar Kjell Løseth.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380