Lokalnytt

Hellesylt får Verdsarvutstilling

Søndag 13. mai opnar Verdsarvutstilling i Peer Gynt galleriet på Hellesylt.

Hellesylt får ein ny attraksjon. Søndag 13. mai opnar ei Verdsarvutstilling i Peer Gynt galleriet, det same bygget som huser unik kunst etter treskjerar Oddvin Parr.

For vel eit år sidan retta styret i Peer Gynt galleriet forespørsel til Verdsarvstiftinga om å hjelpe med å få meir liv og besøk til kunstsenteret på Hellesylt. Svaret var positivt om bygdefolket ønska det og stilte seg bak.

På eit folkemøte på Peer Gynt galleriet hausten 2017 var det stemning for å lage ei Verdsarvutstilling på Hellesylt i samarbeid med Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv og Norsk Fjordsenter i Geiranger.

Søndag 13. mai opnar utstillinga i Peer Gynt galleriet på Hellesylt, inspirert av naturen sine element og bygda Sunnylven si historie. I tillegg til Oddvin Parr sin kunst som beheld sin plass på huset vil også andre kunstnarar og kulturpersonar frå Sunnylven bli vist fram og omtala. Det gjeld både musikarar, målarar, diktarar, kvardagsmenneske og det daglege liv og virke gjennom fleire hundre år.

Koordinator og drivjarn for utstillinga har vore Merete Løvoll Rønneberg frå Verdsarvstiftinga. Med seg har ho hatt fire lokale personar, Lena Parr, Kari Hauso Stadheim, Geir Frøysa og Odd Normann Hoff som har bidrege med opplysningar og kontakt til viktige lokale kjelder. Til å utforme det heile har designer Anne Jorunn Sæten blitt hyra inn, oppvaksen og med slektsband på Hellesylt.

Dette konseptet er begrensa til ei utstilling, ei oppleving i bilete, lyd og film og faste installasjonar. Utstillinga vil bli prega av kvikke fargar, tekstar som fortel om personar og arbeida deira, om naturen sine lunefulle vanar i alle årstider og korleis folk har takla å leve med det.

Peer Gynt Galleriet får med denne Verdsarvutstillinga noko nytt i tillegg til Parr sine Peer Gynt-relieff. Når kunstsenteret opnar for sesongen søndag 13. mai blir det også sal av ulike Verdsarvprodukt. Etter kvart vil også kafeterian få ei oppgradering med sal av forfriskingar og små rettar.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380