Lokalnytt

Mars 1983: HUSMORLAGET MED STORSTILT GÅVE TIL SUNNYLVEN SKULE

Den flotte gåva vert overrekt til Sunnylven skule ved rektor Age Evensen. Det er tidlegare formann i Hellesylt Husmorlag Kristine Ringdal som står for overrekkinga. På biletet elles representantar frå husmorlaget og skulen. Frå v.: Kristi Ringdal, Olga Evensen (form. i husmorlaget), Annvor Tryggestad, Solveig Høgalmen, Lovise Hanssen, Margot Nybø, Solfrid Onsøien Lien (formann i Lærarrådet) og Kristin Storstein (repr. for Elevrådet.)

Frå Hellesylt Husmorlag har Sunnylven Skule fått ei gedigen gåve. Eit fargefjernsyn og videoanlegg til ein verdi av vel kr. 14.500,- vart overrekt til skulen laurdag. – Dimensjonane forstår ein best når ein veit at skulebudsjettet opererer med kr. 19.000,- på årsbasis til alt læremiddelkjøp. Vi har med andre ord fått nær på eit heilt års bevilgning i form av gåve, seier rektor Age Evensen.

-Skulen takkar Hellesylt Husmorlag hjarteleg, seier Evensen, – og vi gled oss til å nytte gåva på ein slik måte at elevane får eit styrkt undervisningstilbod. Videoalderen er alt komen og ei rivande utvikling er på gang. Gode undervisningsprogram er laga og nye kjem i stadig aukande tempo. Skulekringkastinga i TV har fleire lærerike program. Desse kan vi no ta opp på kassettar og seinare syne elevane på det  tidspunkt som høver best i undervisningsopplegget.

Tekst-TV vil etter kvart bli ei informasjonskjelde fleire skular vil dra nytte av. Kombinasjonen bilete- lyd og finessar som slow- motion, stillbilete, pause o.l. gjer TV/ videomaskin til eit særs godt undervisningsmiddel. Med denne gåva har Hellesylt Husmorlag gjort det mogeleg for Sunnylven skule å vere på høgde med utviklinga framover, seier rektor Åge Evensen.

Denne artikkelen stod på trykk i Sunnylvingen nr. 7 1983 (25. mars).

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info