Klar for Birkebeinerrennet

 

Anniken Hjellbakk Hole kom i mål til 10. beste tid i K. 25 – 29 under Birkebeinerrennet i 2017.

Anniken Hjellbakk Hole er klar for Birkebeinerrennet laurdag 17. mars. Ho blir einaste løpar frå Sunnylven IL i år.

Det er ei tøff styrkeprøve som ventar Anniken Hjellbakk Hole når ho med sekk på 3.5 kilo på ryggen legg ut på det 54. km. lange Birkebeinerrennet frå Rena til OL-stadion på Lillehammer. Anniken startar i kvinner elite der startskotet smell kl. 7.45 laurdag 17. mars.

I år blir Anniken Hjellbakk Hole einaste løpar frå Sunnylven IL etter det vi kjenner til, men vi trur ho vil representere på ein flott måte. I fjor kom ho i mål til 31. plass i KE på 3.12.40.8. Tida gav 10. plass i K 25 – 29.

Anniken har gått «Birken» seks gonger tidlegare. I år går ho for sitt sjuande merke. hellesylt.info ønskjer god tur frå starten på Tingstadjordet til Skramstadsæter, Kvarstad, Sjusjøen til Birkebeineren skistadion..

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380