Notiser

Korkafé med Joyful

Søndag 8. april inviterer ungdomskoret Joyful og leiing til korkafé på Sunnylven kyrkjelydshus. Der blir det lotteri, mat og song.

Ein årleg tradisjon mange ser fram til er korkafé med Joyful. I år blir det søndag 8. april på kyrkjelydshuset frå kl. 13.00 til kl. 16.00. Styret i koret opplyser at det blir sal av kaker og kaffi, pølse og karbonadesmørbrød, og det blir tombola og mange sjansar til å vinne flotte ting.

Og ikkje minst, alle frammøtte på kyrkjelydshuset får høyre ungdomskoret synge.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380