Lokalnytt

Lagar plan over kulturminne og kulturmiljø

Gamlestova i Hellesylt Bygdetun står på topp mellom kulturminne som må takast vare på. I Sunnylven er det gamle skulehuset på Ljøen på andre plass.

Torsdag vart det halde orienteringsmøte i Sunnylven om kulturminneplanen for Stranda kommune. Frå gruppa som arbeider med planen møtte Kåre Stadheim, Oddhild Stadheim og Odd Normann Hoff.

I Stranda kommune har det pågått eit arbeid med å utarbeide ein oversikt over viktige kulturminne og kulturmiljø. Torsdag vart det halde møte i Sunnylven for å orientere om arbeidet så langt. Frå før er det halde møte i Liabygda og seinare står Stranda og Geiranger for tur. Formålet med bygdemøta er:

*presentere utført arbeid (rapport), føremålet med og bruken av planen

*få innspel til rapporten

*prioritering av kulturminna

*ev. utegløymde kulturminne

Gjennom riksantikvaren og kunnskapsløftet kan kommunen søkje om tilskot inntil 100.000.- kroner til utarbeiding av ein kulturminneplan. Gruppa som har jobba med planen har vore; Kåre Stadheim, leiar, Oddhild Stadheim, Petter Hjørungdal, Brit Hansen, Odd Normann Hoff, Terje Rusten.

Planen er utarbeidd med status som kommunedelplan, og dette vil seie at den skal rullerast i kvar kommuneplanperiode. Den planen som no blir presentert er fyrste utkast, og gruppa ønskjer å få innspel og korreksjonar med tanke på neste revisjon. Ein kulturminneplan skal innehalde tiltak på kva ein ønskjer å ta vare på og forvalting av desse.

-Vi har ei kommune med mange særprega kulturminne. I Stranda kommune er det tidlegare registrert 660 ulike kulturminne og kulturmiljø, 211 av desse er i Sunnylven, fortalde leiar Kåre Stadheim. I bygdemøta håper gruppa å få registrert eventuelle utegløymde prosjekt. Dei aller fleste er gamle hus, utløer og gamle tufter og steinmurar.

På folkemøtet i Sunnylven kyrkjelydshus der vel tjue personar møtte kom også med ting som løypestrengar, vegar og kvelvingsbruer, ja også ein hoppbakke og ein stor stein, Skrubbesteinen vart notert som kulturminne.

Det vart opplyst at registrering og utarbeiding i ein oversikt er viktig og kan vere nyttig om eigar ønskjer å søke om støtte til vedlikehald av eit prosjekt. Også gjennom SMIL-middlar som i hovudsak er tenkt til landbruksformål kan ein søkje om tilskot til bevaring av kulturminne når det er registrert.

Kulturminneplanen er altså i utgangspunktet ikkje ein plan for vern, men for registrering og bevaring av verdfulle kulturminne og kulturmiljø. Heile planen skal vere ferdig til hausten, opplyste leiar i kulturminnegruppa, Kåre Stadheim.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380