Lokalnytt

Ny leiar i Sunnylvsbygda grendalag

Erna Fjellseth Hellebostad vart ny styreleiar i Sunnylvsbygda Grendalag. Ho har tidlegare vore skrivar i styret.

Erna Fjellseth Hellebostad vart ny leiar i Sunnylvsbygda grendalag, etter Geir Frøysa som ikkje tok attval. Knappe 20 medlemer var til stades på årsmøtet.

Utvendig vedlikehald av Sunnylvsbygda Grendahus var det største dugnadsprosjektet for grendalaget i fjor. Det siste av utvendig bordkledning vart skifta ut og måla, og huset er no i god stand. På årsmøtet retta styret stor takk til alle som stilte på slik at det viktige vedlikehaldsarbeidet vart fullført.

Det aller største arrangementer til grendalaget var saudehaudfesten med hundre påmelde og nokre ekstra til dansen. Inntekter frå arrangement og og andre leigeinntekter var på knappe 100.000.-Utgifter til vedlikehald og drift kom på 140.000.-, så dermed vart det minustal i rekneskapen.

Grendahuset har blitt leigd ut til konfirmasjon, åremålsdagar og til bryllaup. Også 4H-klubben Fjellrosa og HUL (kostymelager) har faste leigeavtalar.

Medlemer i grendalaget har forrett ved utleige av huset til private arrangement. Medlemskontingent for 2018 vart vedteken uendra, kr. 200.- pr. person.

Val

Ved val av styre hadde både leiar Geir Frøysa og kasserar Gisle Aaland sagt frå seg attval.

Styreleiar: Erna Fjellseth Hellebostad.

Styremedlemer: Olav Lade, Oddbjørg Stadheim, Alf Ole Sundgot, Margreta Helset Janssen, Jørgen Helset (ny), Kristoffer Frøysa (ny). Styret konstituerar seg sjølve.

Varamedlemer: Jørn Stadheim, Åse Stadheim, Jarle Hole.

Valnemnd: Wenche Solli, Arne Frøysa, Egil Røyrhus.

Revisorar: Kjell Arne Helset, Oddrun Lødøen Helset.

På vegne av styret retta Oddbjørg Stadheim takk til Geir og Gisle for innsatsen i grendalaget gjennom mange år. –Litt spent på korleis det går utan dokke to. Det var sagt at det er halde berre tre styremøte i år, men dokke to har nok planlagt og vore på huset mykje meir, sa ho mellom anna. Ho lova dei ei lita påskjønning frå grendalaget etter kvart.

Sunnylvsbygda grendhus vart ferdig restaurert utvendig i fjor med ein del ny bordkledning og måla.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380