Lokalnytt

Øcal restaurant og kafé utvidar

Øcal restaurant på Hellesylt skal utvide lokala frå 50 til 90 plassar. Også nytt kjøkken er planlagt å stå ferdig til mai, fortel Ramazan Øcal.

Frå tysdag 3. april til fyrste veke i mai blir Øcal restaurant og kafé på Hellesylt stengt. Verksemda skal utvide sine lokale til nær dobbel kapasitet.

Tahir og Ramazan Øcal har saman drive pizzarestaurant på Hellesylt i snart 20 år, den einaste heilårlege opne kaféverksemda på Hellesylt. No satsar dei på nytt og utvidar.

Restauranten ved Hellesyltfossen har hatt plass til 50 personar inne i lokalet, og i tillegg fleire plassar ute under tak. Frå 3. april blir verksemda stengt til fyrste veke i mai, for i april blir det ei større ombygging med utviding til ca. 90 plassar inne, og i tillegg nytt, topp moderande kjøkken. Det gamle kjøkkenet og deler av eit lagerrom skal bli serveringslokale, resten av fyrste etasje skal bli til 32 kvadratmeter stort kjøkken, fortel Ramazan Øcal.

Takksam for god hjelp

Ramazan Øcal satsar på serveringsverksemda si som i 2019 feirar 20-års jubileum. Han har levd og budd på Hellesylt og drive serveringsverksemd i snart tjue år, noko han vil halde fram med. Og han rosar kommunen der han har fått god hjelp til etablering og å bygge opp drivverdige verksemder. –Eg har møtt mykje velvilje og hjelp frå Stranda kommune tidlegare, noko eg håper å få også ved kontakt og nye søknader, seier Ramazan Øcal.

Leiger inn festivaltelt

Ramazan Øcal har også meir langsiktige planar for sommaren. I samband med Hellesyltdagane i juli har han i tett samarbeid med komitéen planlagt for dansen som han arrangerer under festivalen og der han leiger inn og står for oppsetjing av teltet etter same opplegg som i fjor. Under Hellesyltdagane i år blir det rigga fredag og teke ned søndag kveld, seier Ramazan. Dansen under Hellesyltdagane ved utescena vart ein stor suksess i fjor.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380