Ølsmaking på kaffibaren

 

Frank Maråk t.v. og Stian Peter Merok var på Hellesylt i påska i fjor med smaksprøver av Geiranger-øl. Til høgre ved disken står Ellen Fivelstad.

Skjærtorsdag blir det ølsmaking på Hellesylt Boutique & Bar og fleire ølsortar frå Geiranger Bryggeri, mellom anna ei øltype laga av bringebærsaft.

Hellesylt Boutique & Bar gjentek tilbodet og suksessen frå i fjor med ølsmaking på skjærtorsdag. Også i år er det ølet frå Geiranger Bryggeri humlesmakande, tørre ølstruper skal bedømme.

Frå bryggeriet kjem Jakob Torp Årset med 5 – 6 sortar øl, mellom dei ei heilt ny type som blir kalla Surøl, fortel Ellen Fivelstad. Det er eit øl som er laga av råsaft av bringebær frå Melcior-garden i Norddal og brygga på humle og familiekveik. Ølet har ein alkoholprosent på rundt 5.0, fortel Ellen Fivelstad.

Det er påmelding på mob. 405 16 535 for å bli med på ølsmakarkveld skjærtorsdag frå klokka 20.30. Inngang kr. 265,- pr. person for rugbrød frå Geiranger Bakeri og smaksprøver på seks sortar øl, mellom dei Surøl med bringebærsmak.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380