Lokalnytt

Oppgradering av gravfelt rundt kyrkja.

Sunnylven sokneråd ønskjer å få laga ein plan for ein finare kyrkjegard kring kyrkja, og på sikt ta den i bruk som gravstad igjen.

Ved Sunnylven kyrkje er det siste året kome på plass nytt gjerde, og det er teke bort nokre tre for å sikre muren.

I samarbeid med Storfjord kyrkjelege fellesråd startar no Sunnylven sokneråd eit arbeid med oppgradering av kyrkjegarden ved Sunnylven kyrkje. Tanken er at den ein dag igjen kan brukast som gravplass. Det er teikna forslag til nytt kart etter dei nye forskriftene om storleik på grav og tilpassa dei eksisterande gravene.

Ved oppteikninga finn ein mange gravminne som det ikkje lenger er nokon festar til. Gravminna kan då etter visse reglar takast bort for å gje plass til ny grav. Nokre av desse vil ein likevel la stå.

Foreslår å verne gravmonument

-Vi ser det som viktig at nokre av gravsteinane blir ståande og verna, både for lokalhistorisk verdi og for å vise ulike typer gravmonument frå ulike tidsepoke, seier soknerådsleiar Stig Tryggestad. Han nemner mellom anna jarnkors som det er på fleire graver, og legg til; -Vi ønskjer å få lage til ein finare kyrkjegard, og få ein plan også for tilrettelegging for nedsetjing av urner. Når alt er klart kan kyrkjegarden takast i bruk to år etter at den er planert og tilsådd.

Orienteringsmøte

På Sunnylven kyrkjelydshuset og i Sparebanken Møre, Hellesylt ligg det bilete av dei steinane som er forslått fjerna, i alt om lag hundre graver det i dag ikkje er betalt festeavgift for. Soknerådet ønskjer innspel og kommentarar til forslaget, og onsdag 4. april kl. 19.00 blir det eit  informasjonsmøtet om saka på Sunnylven kyrkjelydshus. Der blir det lagt fram eit kart med forslag om korleis gravplassen er tenkt.

Ein del av gravmonumenta ved kyrkja har historisk verdi og bør bevarast, som eksempelvis gravminne av jarnkors.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380