Lokalnytt

På Norgestur frå sør til nord

Anders Helstrup t.v., grønlandshunden Obelix og Jan Arne Janssen med «reiseleder» Wilson i handa, her under to veker pause på heimegarden Helset i Sunnylven. (Foto frå arkivet)

For 12. månadar sidan starta Jan Arne Janssen frå Hellesylt og Anders Helstrup, Oslo på si ferd mot nord i Norge. Dei har gått til fots både mot vest, øst og nord, og no nærmar målet seg som er Vardø i slutten av mai.

Dei to turkameratane med «turleiar» Wilson og grønlandshunden Obelix er i Narvik. Etter 3-4 veker i aude terreng frå Sulitjelma kom dei til Bjørnfjell i helga der dei hoppa på toget til Narvik og Vinterfestveke i byen, fortel Jan Arne Janssen på telefon. I byen spente dei på ski og pulk og inntok bygatene til stor merksemd frå publikum. -Folk lurte på kva karar dette var. Vi fann oss etter kvart ein stad for overnatting og for litt vask av klede. Deretter vart det ein god pizza og ei øl, fortel Jan Arne.

På turen som starta frå Lindesnes 7. mars i fjor har det blitt mange opplevingar og det har blitt mange måtar å ta seg fram på, både i fjellsko, med ski og pulk, truger og med kajakk i Vestlandsfjordar. Litt rutegåande transport har dei også nytta.

Nådde Hellesyltdagane

Mange overnattingar har vore på hytter, men også i telt, steinbuer og andre krypinn, ikkje av det mest lukseriøse, men greitt nok, seier Jan Arne, som fortel om møte med hyggelege folk over alt. Som i Luster i Sogn og Fjordane der dei banka dei på ei framand dør for å be om teltplass, og det fekk dei av Hege og Jakob. Slike møte har det blitt mange av opp gjennom heile det langstrakte landet.

Det vart juni og Jan Arne, Anders, «reiseleiar» Wilson og hunden Obelix kom etter kvart til det dei kallar «verdens vakraste stad», nemleg Sunnmøre. Dei kom til Hellesylt der Hellesyltdagane og World Base Race skulle arrangerast. Her vart det «sommarferie» i heimegarden på Helset eit par veker før turen heldt fram ut Sunnylvsfjorden i kajakk til Molde og Romsdalsfjorden. I Romsdalfjella var det sommar og solsteik, flott ver med mange toppturar og opplevingsrike naturinntrykk.

Storm og kulde i nord

Etter Eikesdal og Eresfjord drog turgjengen vidare nordover og møter etter kvart dårlegare ver. På bloggen www.eventyri.no føl vi dei på ferda mot målet som etter ein svipptur innom Nordkapplatået blir Vardø. Veret har vore alt frå tropisk varme til storm og temperaturar ned mor 30.0 minus. I november kom dei inn i stormen «Ylva» med vindkast på 45 m/sek. så det var heftige døgn utan straum, får vi oss fortalt.

Skjegget fekk gro og når kulden var som verst vart det både rim og is i barten på dei to. (Foto: eventyri.no)

-Vi har møtt folk som har vore rause med både hus, mat og andre tenester til oss. Ein god del forsyningar har vi kjøpt under vegs, men det hender vi bakar oss ferskt brød. Ikkje noko vanskeleg det når vi har gassomn, seier Jan Arne og legg til; -Aller viktigast er nok sendingane frå depotet vårt heime på Helset. Hjelpa som vi har fått med sendingar der i frå av mor og far (Margretha og Martin) har vore avgjerande. Utan det har vi nok ikkje greidd å gjennomføre turen på denne måten, seier Jan Arne Janssen.

Snart i mål

Turen har gått utan uhell av noko slag og alle har halde seg friske. Terreng på turen har vore alt, frå gode turstiar, krattskog, myrar til stein og fjellgrunn. Siste etappe som er forsert frå Sulitjelma til Bjørnfjell gjekk på skare snø og bratt terreng så då var det på med stegjarn.

Eit bilde av det vakre i ei mørk og kald natt i Nord-Norge. (Foto: eventyri.no)

I vår telefonsamtale fortel Jan Arne om ein fantastisk kveld i Narvik med fint, klart ver og nordlys som flammar over stjernehimmelen. To dagar varer opphaldet i byen før dei tek toget tilbake til Bjørnfjell og startar med ski og 200 kilo utstyr på pulken mot Kautokaino, på ei av dei lange etappane. Vardø er målet i slutten av mai. Der i frå blir det hurtigruta tilbake til Molde og jobben hos Fylkesmannen.

Her blir Polarsirkelen kryssa. Då er vinteren komen. (Foto: eventyri.no)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380