Påske-Quiz på Peer Gynt galleriet

Arrangøren håper på fullt hus på Peer Gynt galleriet under påske-Quiz måndag 26. mars

Måndag 26. mars blir det påske-Quiz på Peer Gynt galleriet, Hellesylt. Quiz-masterar denne gongen blir Eivind Louis Helset og Magnar Tufte Tyssen.

Påske-Quizen på Peer Gynt galleriet blir i år på måndag i påskeveka, men sjølv om dette er to dagar tidlegare enn tradisjon håper arrangøren mange sluttar opp om den uhøgtidlege kunnskapstesten også i år.

Det er to nye Quiz-masterar, Eivind og Magnar som har leita fram spørsmål. -Vi lagar 30 spørsmål delt på to rundar, og innhaldet blir mykje som tidlegare. Med andre ord litt om alt, men kanskje litt fleire musikkspørsmål enn før. Og på fleire av spørsmåla blir det meir enn eitt svar og meir enn eitt poeng å skore, seier Eivind.

Kvart lag kan som vanleg bestå av inntil seks personar og pris pr. person er sett til 100.- kroner. Det blir premiering til beste lag.

Måndag 26. mars opnar dørene ved Peer Gynt galleriet, Hellesylt kl. 19.00, Quiz-start kl. 19.30. Ring for påmelding av lag snarast til;

Eivind, mob. 943 16 136

Magnar, mob. 958 47 440

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380