Lokalnytt

Påskemusikal i kyrkja

På palmesøndag fekk kyrkjelyden i Sunnylven høyre ungdomskoret Joyful og leiarar framføre påskemusikalen «Har du hørt det», gode tekstar og musikk framført flott og gripande.

Alf Georg Østebrøt sin musikal har blitt framført av ungdomskor i Sunnylven kyrkje frå tidleg på 90-talet. Det har blitt ein av dei faste og kjære påsketradisjonane som mange møter opp for å høyre. Og Joyful si framføring var like vakker i år som tidlegare, om ikkje enno betre.

Koret har gode songarar som lett tek solistroller, også fleirstemt. Og for mange i kyrkjebenkane blir det ofte ei gripande oppleving om ein får med seg tekstane i dei mange songane. Det heile handlar om Jesus sitt liv frå palmesøndag til korsfestelsen og døden på Golgata, til oppstoda fyrste påskedag.

-Dere er mine venner, eg gir av meg sjølv, høyrer vi koret synge frå teksten til ein av songane, men seinare i musikalen kjem folket sine kamprop om –korsfest ham, slipp Barabass fri.

Jesus blir korsfesta, døyr og blir gravlagd, men så kjem bodskapen om at han har stått opp av grava. Påskemusikalen er ei sterk og nesten uverkeleg forteljing, men innhald blir aldri utdatert. Etter framføringa vanka det rosande ord frå sokneprest Stein Karstensen og applaus frå kyrkjelyden til dyktige aktørar og leiarar i Joyful.

Leiarar for ungdomskoret er Oddbjørg Stadheim og Kristin Storstein.

Mellom fleire flinke solistar i Joyful var Anna Kristine Storstein Forbord t. v. og Kristine Hjellbakk Hole.

.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380