Premiering og kakefest avslutta skyteskule

Tysdag 6. mars var det avslutningsfest for unge skyttarar som hadde fullført skyteskulen som Sunnylven skyttarlag har arrangert.

Sunnylven Skyttarlag avslutta den femte skyteskulekvelden  med lagsmeisterskap på 15 meter for klasse nybyrjarar ungdom, kakefest og premiering.

Tekst/foto: Rune Tryggestad/Sunnylven skyttarlag.

I alt 16 unge skyttarar har delteke på skytekulen til Sunnylven skyttarlag. Under avsluttande lagsmeisterskap viste dei at dei hadde lært mykje, og med trening kan det kome mange storskyttarar frå laget i framtida.

Etter teoridelen og skytinga vart det utdeling av medaljar og diplom frå DFS, premiar som fekk fram mange breie smil hos dei unge skyttarane. Til sist vart det servert frukt, kake, saft og kaffi både til deltakarar og foreldre som også fall i smak hos alle.

Seniorskyting

Dei øvrige skyttarane i Sunnylven skaut sitt meisterskap tidligare i februar, og spesielt KL 5 skyttarane  i seniorklassa imponerte med svært god skyting. Vinnar i  KL 5 vart Ola Vangen med sterke 244 (10*) p.

I Klasse  Eldre Rekrutt 14-15 år vann Isak F. Hauge med fullt hus og knallsterke 250 (15*) p

Klasse. Rekrutt 11-13 år vart vunne av Ørjan F. Hauge med 244 (8*)p.

I kl. Junior 16-17 år vart Kristian F. Hauge meister med 245 (11*) p.

Her er resultatlista.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380