Sterk 19. plass i Birken

Anniken Hjellbakk Hole i mål til 19. plass i sitt sjuande Birkebeinerrenn. (Foto: Privat)

Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL gjekk inn til 19. plass i eliteklassa og sluttida 3.28.00 i det 80. Birkebeinerrennet laurdag. Ho sikra seg sitt sjuande merke med det sterke resultatet.

Anniken hadde desse passeringstidene under vegs; Skramstadsæter 41.47, Kvarstad 1.56.20, Sjusjøen 2.49.18, og mål 3.28.00. Sluttida og plasseringa gav sterke 5. plass i K 25 – 29, 8.20 etter klassevinnar Emilie Fleten, Gol IL.

Bestetida i Birken for Anniken frå 2017 på 3.12.10.8 overlevde denne gongen, men ein 19. plass totalt i selskap mellom verdens beste langløpsdamer er knallsterkt. Justyna Kowalczyk, Polen vann på 3.06.09.

Knut Anders Hatlen, Stranda IL gjekk inn til 114.plass i eliteklassa på 3.00.01 som var 15. beste tid i M 35 – 39.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380