Storbossinnsamling på Hellesylt

Heidi Steinnes, Årim og Arnstein Sve, Stranda Gjenvinning og Transport tek mot det meste under storbossinnsamling på Hellesylt 25. april. (Foto frå arkivet)

Onsdag 25. april er årets ryddedag i Sunnylven. Då er Årim på plass igjen for å ta mot storboss og anna miljøfarleg avfall.

Årets storbossinnsamling i Sunnylven blir halde på Hellesylt og oppstillingsplassen for ferja onsdag 25. april, mellom klokka 12.00 og 18.00. –Her samlar viinn grovavfall som er skadeleg for miljøet, skriv Årim i ei melding til hellesylt.info.

Selskapet har sendt ut informasjon til husstandane og håper å sjå mange på aksjonsdagen. Årim minner om at alle som vil levere må hugse på å ta med seg og vise fram miljøstasjonskortet sitt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380