Storstilt utsiktsrydding i gong

Jørn Stadheim til venstre har investert i ekstrautstyr på gravemaskina til skogfelling. No blir det opnare landskap fleire stader, slik Øystein Ljøen t.h.

I Sunnylven nær Hellesylt blir skog og kratt rydda vekk. Aksjon utsiktsrydding skal vere ferdig før lauvsprett og den store turiststraumen kjem, seier Øystein Ljøen i Hellesylt Næringslag.

Då Fylkesmannen innførte tilskotsordning for utsiktsrydding i 2016 utarbeidde Hellesylt Næringslag ein søknad om rydding av skog og kratt fleire stader i nærleiken av Hellesylt. Søknaden vart imøtekomen med eit tilskot på 245.000.- kroner med tidsfrist for arbeidet ut 2018.

Fram til nyleg har det blitt rydda mindre felt på dei omsøkte områda, men etter eit møte i Hellesylt Næringslag nyleg kom arbeidet i gong for fullt. På møtet tok fleire personar på seg ansvar for ryddinga på visse felt.

Det vart delt ut fire roder, frå vegkrysset til heimste Reset til Helgesvingen, begge sider av Hellesyltfossen, ei rode frå Streketunnelen til Helgesvingen, og ei langs Korsbrekkeelva forbi Åsebrua. fortel leiar i Næringslaget Øystein Ljøen.

Eit av dei største felta, langs Korsbrekkeelva ved Fløtehølen og Husøyrustene, og ved Åsebrua tok Jørn Stadheim ansvar for. Han investerte i ei klype og kuttar på gravemaskina si, eit effektivt reiskap som kappar tre på inntil 35 cm. i diameter og legg virket i dungar. Torsdag var han i sving på øya i elva ved Fløtehølen og utsikta mot Hellesylt opna seg raskt. Han trudde jobben der skulle vere ferdig i løpet av dagen.

Det blir mykje trevirke av ei så omfattande utsiktsrydding. Jørn Stadheim seier at noko går til ved, men mesteparten blir truleg levert som flis til spesielle fyringsanlegg.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380