Trubadur til Fjellgården Øvre Ljøen

Tre av medlemane i gruppa Keipstein frå Karmøy, Eriksson til høgre. (Foto: Egil Haueland / 102)

På Øvre Ljøen Fjellgård blir det ny konsertoppleving laurdag 7. april. Då står trivelege Odd Harald Eriksson, trubadur i gruppa Keipstein på scena i Amfiet.

Uansett om vinteren har slept taket eller ikkje så blir det konsert i Amfi-skråninga på Øvre Ljøen laurdag 7. april. Trubadur Odd Harald Eriksson er medlem i popgruppa Keipstein frå Karmøy i Rogaland, fire musikarar som er kjent for å takle fleire musikkstilar, mellom anna Irsk-inspirerte rytmer når dei spelar til dans og underhaldning.

Medlemane i gruppa jobbar ute til sjøs og dermed blir det litt ustadig kva tid alle er samla, har vi lese. Odd Harald Eriksson jobbar på Solstad-skipet Normand Installer, men laurdag 7. april er han i land og inntek Amfi-scena på Fjellgården Øvre Ljøen med sin gitar.

Amfiet på Øvre Ljøen er utbetra med tette sideveggar sidan i fjor, men ein kveld tidleg i april kan vere litt kjøleg, så alle må kle seg etter temperatur og ver, oppmodar Bente Bonsaksen. Ho kjenner 27 år gamle Odd Harald Eriksson som ein triveleg kar og god trubadur så ho trur det blir ein flott konsertkveld. Det blir sal av heimeproduserte forfriskingar og kaffi, seier ho og minner om at det er påmelding til mob. 916 23 265 innan onsdag 4. april.

Høyr gruppa Keipstein framføre «Øya i vest»; https://www.youtube.com/watch?v=QzUEL1YHcNI

Konsert-Amfiet har fått tette veggar på tre kantar.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380