LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2018

Utedans og trafikkendring

 

Som i fjor blir dansen under Hellesyltdagane arrangert på området ved utescena og Sunnylven samfunnshus.

Øcal Restaurant, Hellesylt stod som arrangør av dans under Hellesyltdagane i fjor. Det vart ein suksess som blir gjenteken i år.

Under Hellesyltdagane i 2017 vart dansen arrangert under «open himmel» ved samfunnshuset. Det slo an med masse folk og fin framferd, eit arrangement Øcal ønskjer å gjenta. Les: https://www.hellesylt.info/2017/07/ny-dansesal-stor-suksess/

Øcal har søkt og fått innvilga løyve til utvida skjenkeareal utandørs for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2 ved inngjerda areal ved utescena under Hellesyltdagane. Løyvet gjeld frå laurdag 07. juli natt til søndag 08. juli kl. 02.00. Skjenkestyrar er Tahir Øcal med Ramazan Øcal som reservestyrar. Det vert kravd strengt vakthald og arealet må vere tilfredsstillande innegjerda, står å lese i vilkåra for løyvet.

Avstenging av fv. 60 i sentrum

Komiteen for Hellesyltdagane 2018 har søkt til Plan og trafikkseksjonen i fylket om avstenging og bruk av fv. 60 i Hellesylt sentrum under Hellesyltdagane. Søknaden er imøtekomen og stenging med endra trafikkmønster blir det same som i 2017. Då gjekk trafikken utan problem. Tidspunktet for stenging og trafikkendring er frå laurdag 07. juli kl. 08.00 til søndag 08. juli kl. 18.00.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380