Vårkonsert med Sunnylven skulekorps

 

Sunnylven skulekonsert under vårkonsert i mars 2017

Fredag 16. mars blir det vårkonsert med Sunnylven skulekorps på Sunnylven samfunnshus.

Sunnylven skulekorps har hatt sine faste øvingar gjennom vinteren og fredag kveld held korpset sin tradisjonelle vårkonsert på Sunnylven samfunnshus. Kulturskulelærar Evgenij Zhukov har vikariert som dirigent for korpset nokre veker etter nyttår.

Under konserten som startar klokka 19.30 er både han og rektor Trond Otto Berg til stades med taktstokk for å dirigere bygda sine unge, dyktige musikarar. Leiinga for Sunnylven skulekorps håper mange tek turen til samfunnshuset fredag for å høyre og støtte korpset.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380