Lokalnytt

Åknes/Tafjord testar varsling

Torsdag 19. april mellom kl. 15.00 og 15.30 skal varslingsopplegget til Åknes/Tafjord beredskap testast, mellom anna denne sirena ved Hellesylt stadion.

Torsdag 19. april mellom kl. 15.00 – 15.30 vil ÅTB teste varslingssystem for befolkning som oppheld seg i kommunar ved Storfjorden. Det melder Stranda kommune på si nettside.

Varslinga blir gjort med melding eller oppringing til din telefon. I tillegg vil du kunne høyre at sireneanlegga rundt fjorden blir testa. Dette gjelde sireneanlegg i Stranda, Norddal, Stordal og Ørskog kommune.

Kommunen skriv at det vil være mogleg å gi tilbakemelding om testen gjennom ei spørjeundersøking. Denne finn du på www.aknes.no eller på link på kommunen sine heimesider.

Det blir oppfordrar til å informere barna om denne testen på førehand.

-Kommunane rundt Storfjorden er opptatt av å ha ein god beredskap dersom det skulle oppstå ei naturkatastrofe, og det er derfor viktig å teste systema. Vi håpar alle innbyggjarane har forståing for dette. ÅTB vil poengtere at det ikkje er noko endring i bevegelsane i fjella. Og at geologane vil kunne varsle i god tid før eit eventuelt ras blir utløyst, står å lese på nettsida til Stranda kommune.

Dersom du har spørsmål om varslingstesten kan du ta kontakt med Åknes Tafjord Beredskap IKS post@aknes.no / 92251691

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380