Lokalnytt

Årsmøte i Venneforeining

Det gamle våningshuset i Hellesylt Bygdetun bekymrar Venneforeininga. Der er råteskadar og grunnmuren bular og kan rause ut.

Onsdag 11. april var det årsmøte i Venneforeininga for Hellesylt Bygdetun. Møtet fann stad i «nyehuset» i Bygdetunet.

Som i fjor var frammøtet på 11 medlemer. Venneforeininga hadde siste året 122 medlem og medlemskontingenten var 100.- kroner. Denne vart av årsmøtet vedteken uendra for 2019.

Olsokstemnet er det årvisse og største arrangementet til Bygdetunets venner. I fjor vart stemnet arrangert for 20 år på rad og med rekordoppslutning. Over 90 personar møtte fram på tunet ved den gamle stova der det var både underhaldning og tradisjonen tru servering av rjomegraut.

-Målsetjinga vår er at Venneforeininga også i åra framover skal vere ein aktiv støttespelar i utviklinga av Bygdetunet, både ved økonomisk støtte, ved dugnader, tilskipingar og andre aktivitetar som er i samsvar med Stiftinga Hellesylt Bygdetun sine føremål, skiv styret i årsmeldinga.

«Gamlehuset» treng vedlikehald

På årsmøtet vart det sagt at det gamle våningshuset i Hellesylt Bygdetun treng vedlikehald. Der er råteskadar på tømmerveggar, men aller mest uro er det over grunnmuren som sig ut på midten av nedsida. Rausar den ut kan stein rulle ned den bratte bakken og skade «nyehuset» som vart restaurert for få år sidan. Det er Stranda kommune som står som eigar av Hellesylt Bygdetun.

Til fjord- og fjellgardar

Som i fjor kom lærar Arne Ringdal med eit historisk bildekåseri til årsmøtet. I fjor hadde kåseriet tittelen «Frå Shell til Kurlå», i år var tittelen meir ubstemt, «Utan ein raud tråd». Temaet var folk og hendingar på fjord og fjellgardar langs Sunnylvsfjorden. Ringdal starta i Åkneset, over til Furnes og tilbake til Matvika før han gjekk i land på Hellesylt igjen. Det vart ei fjordreise vist med gamle bileta frå gardane med strevsamt arbeid og folk på besøk, og krydra med gode historier.

Val.

Alle i Venneforeininga for Hellesylt Bygdetun tok attval, og styret er:

Kontaktperson: Marit Ljøen (2 år)

Sekretær: Eldrid Skrede (2 år)

Kasserar: Odd Jostein Bjørdal

Styremedlem: Astrid Langeland

Styremedlem: Arne Ringdal (2 år)

1.varamedlem: Trond Åge Dyrkorn (2 år)

Revisor: Ingebjørg S. Fivelstad (2 år)

Under årsmøtet var det servering av bollar med pålegg, marsipankake og kaffi.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380