Avlar fram storlaks i Korsbrekkeelva

Temperaturen i vatnet er rett, slår Glenn Wernersen fast, og Arne Korsbrekke til høgre registrerer at klekkinga går som den skal.

Sist haust vart det fanga inn 25 laksar i Korsbrekkeelva til yngeloppdrett ved klekkeriet i Husøyna. I juni er rundt 90.000 «laksebarn» klare for utsetjing i elva.

Mange ting spelar inn, men det har vore seinare utklekking i år enn vanleg, seier Arne Korsbrekke. Han står å kikar i kara med rogn der det dei siste dagane har vakna til live med yngel, og kanskje framtidige storlaks i Korsbrekkeelva. Som 13-åring og i over 60 år har han drive dette kultiveringsarbeidet for ei av Sunnmøres beste lakseelvar. Det har blitt mange kalde timar i elva, men også mange spanande stunder når kastenota har «sopa» gjennom Steimshølen etter stamlaksen. Og mange hjelper til, for når det skal fangast arvemateriell til komande sesongar storlaks er mange ivrige sportsfiskarar med hjelpande hender å sjå ved elva.

Nytt kumanlegg

Arne lærte «jobben» i klekkeriet av far sin, Lars Korsbrekke. No lærer han opp nye kulturforvaltarar, mellom anna nabo Glenn Wernersen. Wernersen er leiar i Korsbrekke elveeigarlag i sitt tredje år, men har i langt fleire hatt tilsyn med stamlaksen etter at den er fanga inn i eit anlegg av kummar. Der trengs det stadig tilsyn då vasstilgangen kan gå tekk grunna lauv og rusk i elva om hausten.

Elveeigarlaget har fått utarbeidd planar i samarbeid med Norsk Villaksforvaltning for eit nytt anlegg med sikrare tilgang på friskt vatn. Wernersen håper på økonomisk støtte på søknad både frå kommunen og frå Fylkesmannen.

Naturleg gyting ikkje nok

Det er strenge reglar, kontrollar og prøvetaking ved yngelproduksjonen. -Villaksen har mange fiendar, men ein av dei største er fylkesadministrasjonen, seier Arne. Å drive yngelproduksjon slik elveeigarane til Korsbrekkeelva gjer er ikkje slik det offentlege ynskjer i dag. Alle lakseelvar skal helst ha berre naturleg gyting. Det trur ikkje karane ved klekkeriet i Husøyna er godt nok for Korsbrekkeelva. Elva er kort, botnen er for det meste storsteinete, og vinteren er der lite vatn og mykje av elveløpet botnefrys, seier dei.

I 2014 var det stor haustflaum i elva som også raserte i elvebotnen. No er dei spente på å sjå korleis laksefisket blir, om flaumen gjorde skade på yngelen som i år, fire år etter er blitt godt vaksen. Det kan laksefisket til sommaren gje svar på, seier dei to.

Sjukdomsfri

Glenn Wernersen meiner dei gjer ein nyttig jobb som kultiverer elva gjennom yngelproduksjon. –Vi må sjå på ringverknadane av ei god lakseelv. Det er ikkje berre elveeigarane som tenar på det, men også mange andre, både butikkar, serveringsstader og campingplassar.

Korsbrekkeelva er fri for sjukdomar og har vore friskmeldt heilt sidan midt på 1980-talet. Sesongen 2017 vart eit middels bra fiskeår, eit resultat som varierer alt etter vassføring og temperatur. Største laksen vog ca. 14.0 kilo.

Arne t.v. og Glenn kan snart sjå etter dei fyrste laksane i Korsbrekkeelva. Då fiske var lovleg frå 1. mai vart fyrste laks fiska 14 mai, fortalde Arne. Den vog 10.0 kilo.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380