Café Snurrepiperier

Sunnylven Bygdekvinnelag opnar Café Snurrepiperier på Sunnylven samfunnshus laurdag 14. april. Eit tradisjonsarrangement i laget som blir halde andre kvart år.
Frå tidleg på 2000-talet har Sunnylven Bygdekvinnelag invitert til Café Snurrepiperier med utstilling av eldre ting og sal av mat, i år av brennsnut, kaffi og kaker. Utstillinga blir sportsutstyr frå før 1990.
Vi har leita tilbake og ser at Café Snurrepiperier har vist fram mange spanande ting frå eldre tider på desse arrangementa. Utstillinga har vore i storsalen på samfunnshuset og der har publikum fått sett mellom anna gamle radioar og platespelarar, hushaldningsredskap av tre, vugger og barnevogner.
I 2008 var det ei stor utstilling av gamle fotografi med motiv av dyr, bygningar og folk i feststas, i 2010 hadde utstillinga service og serviettar, 2012 kom strikka kufter og genserar etter gamle mønster, i 2014 var det baby-klede frå før 70-talet, og i 2016 ei ny utstilling av gamle fotografi, då også med levande film, Sunnylvsfilmen av sokneprest Olav Bruknapp.
I år lagar dei driftige bygdekvinnedamene ei utstilling av sportsutstyr både for sommar og vinterbruk frå før 1990. Leiar i laget Anne Grete Hjelmeland Hole opplyser at her blir det sportsklede, sko, ski, stavar, skøyter og anna som trimmarar og sportsfolk har nytta. Sunnylven Bygdekvinnelaget er interessert i å få låne inn ting til utstillinga. Det kan leverast på samfunnshuset fredag ettermiddag 13. april, eller til styremedlem i laget.