Dugnad på Peer Gynt Galleriet

Onsdag 25. og torsdag 26. april blir det dugnadsdagar på Peer Gynt galleriet. Til opninga 13. mai skal Verdsarvhuset, eller «Huset vårt» på Hellesylt visast fram ryddig og reint både ute og inne.

 

Mykje kjem fram når vinteren er vekke ute, og etter nokre endringar inne grunna tilpassing til Verdsarvutstillinga er det ein del ryddearbeid som må gjerast før opning 13. mai.

Difor blir alle som kan oppmoda om å bli med på dugnadsdagar onsdag 25. og torsdag 26. april. Av ting som står på lista under og som må gjerast er vask, måling, snekring og skruing, rydding og planting.

Om mange stiller på blir det gjort mykje, kanskje alt som er ramsa opp, og litt til.

Frå Geiranger kjem fire frå Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv for å hjelpe. Bli med på dugnad med litt sosialt opplegg, og du kan kome når det passar, på dagtid, ettermiddag eller tidleg kveld. Bli med og gjer Peer Gynt galleriet og Verdsarvhuset på Hellesylt presentabelt for ein god sesong.

 Arbeid som må gjerast.

INNE:

Demontere høgtalarar i utstillingsrom
Demontere lys/lamper på veggen der lyskassa skal vere
Måling av slitte område i Peer Gynt Galleriet
Peisen i Peer Gynt Galleriet – fuktskade – snakke med huseigar om kva som kan/bør gjerast
Boning el. lakking av golvet i kafeen?
Flytte «Yggdrasil» ned til senteret
Vask av vindauge
Rydding av resterande
Vask/nedvaks
Montere/henge opp blending i nytt kinorom
Skifte lyspærer som har gått
Male muren bak på kjøkkenet (spesialmaling som ikkje smussar)
UTE
Rake plenar og køyre bort avfall
Sage ned tre som er døde, fjerne
Plukke søppel
Skifte lyspærene på stolpane
Ta ned skilt «Hægstad gård»
Pusse opp/reparere skilt som heng att
Male muren på baksida av bygget
Plante blomar
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380