
Årets X2Festival startar opp torsdag 19. april med underhaldning og sportsaktivitetar. Sunnylven får truleg besøk av elvepadlarar laurdag 21. april.
Ut frå programmet blir det berre ein dag med X2-sport i Sunnylven i år, for Loen har kapra både Speedflying, XBase og Skydiving. I Loen gjer Skylift det lett å kome seg til fjelltopp for å drive desse sportsaktivitetane.
Men vi hugsar tilbake med glede på 2016 då dei tre nemnde sportane foregjekk frå fjellområdet Helsetkopen midt i Sunnylvsbygda i strålande ver. Då måtte ein bruke helikopter, men det vart ein opplevingsrik dag for mange med masse publikum innafor eit lite geografisk område.
I år blir det truleg elvepadling i Bygdaelva i Steimsåsane. No er vinteren i ferd med å sleppe taket så elva er snart isfri og har det elvepadlarane likar, nok vatn og slette svaberg i botnen.
Om det ikkje blir endringar i X2Festivalen sitt program blir det kappestrid i kajakk ned stryka i Steimsåsane laurdag 21. april mellom klokka 11.00 og 18.00.