Lokalnytt

Flott markering av grunnskuleveka

Tema for årets grunnskuleveke ved Sunnylven skule var «Vandring», eit tema elevane presenterte gjennom song og musikk. Det vart ei stor oppleving for dei frammøtte i samfunnshuset.

«Vandring» var ikkje berre tema for årets grunnskuleveke, også foreldre og føresette møtte talrikt fram og fylte opp storstova i Sunnylven torsdag ettermiddag. Det vart nesten ein ny Grendakveld der skulen i bygda presenterte «eksamen» på grunnskuleveka 2018.

Rektor Roar Seljeset ønska vel møtt til avslutning på intense øvingar til programmet av elevar og lærarar. Det var lange tradisjonar ved Sunnylven skule å ha grunnskuleveke, sa han. Målet var å opne skulen for foreldre og føresette og vise fram litt av det skulen gjer. I år var programmet innøvd i samarbeid med Kulturskulen i løpet av nokre skuletimar dei to siste vekene, fortalde Roar Seljeset.

På scena kom elevane, eller skal vi kalle dei «rockestjerner» og framførte songar kring temaet til tonefølgje frå eit forsterka skuleband. Det vart mange innslag med dramatiseringar, frimodig framført både med solistar og saman med heile klassesteget.

Alle klassetrinna deltok i programmet, både småskulen, mellomsteget og ungdomssteget, og alle presenterte ein eller fleire songar. At det var så mange songar som handla om Vandring hadde vi ikkje tenkt over.

Grunnskuleveka ved Sunnylven skule har lange tradisjonar. Vi har vore til stades på dei aller fleste dei siste 30 åra og sett mange flinke elevar opptre på scena i samfunnshuset. Årets utgåve var av dei aller beste. Rett nok hadde aktørane god musikals støtte både av skuleband, korpsmedlemer og lærarar frå Kulturskulen, men songval, fin, frimodig opptreden og elevane sine songkvalitetar gjorde «eksamen» til ei herleg oppleving.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380