Frivillighetsprisen 2018

Frå Sunnylven har tre personar vunne Frivillighetsprisen, Ola Aasen, Marianne Fivelstad og Åge Gjørvad i 2016. (biletet)

Stranda Frivilligsentral ønskjer forslag på kandidatar til ”Frivillighetsprisen” 2018. Prisen vart oppretta i 2007 av styret i Stranda Frivilligsentral i samarbeid med frivillige lag/organisasjonar og Sparebanken Møre.

Stranda Frivilligsentral ber no om forslag på kandidatar til Frivillighetsprisen for 2018.

Med denne prisen ønskjer ein at det blir sett fokus på alle dei som er bærebjelken i samfunnet vårt, -utan frivillig arbeid hadde samfunnet vårt stoppa opp, skriv dei. Dei ønskjer å heidre ein heidre personar eller organisasjonar som har gjort ein særskilt innsats innan det frivillige arbeide gjennom ei årrekkje i Stranda kommune.

-Det er mange i kommunen vår som bidreg med stor frivillig innsats, hjelp juryen ved å sende inn forslag  på dette års kandidat.

Framlegg av kandidatar til ”Frivillighetsprisen” kan fremjast av enkeltpersonar, lag/org og foreiningar. Frå 2017 har styret i Frivilligsentralen og verv som jury. Styret er samansett av rep. frå alle bygdelag

Tidlegare vinnarar er : Helge Vongraven, Stranda, Lars Vassli, Liabygda, Ole Åsen, Hellesylt, Charles Myren, Stranda, Rune Maråk, Geiranger, Unni og Einar Lied, Liabygda, Jan Longva, Stranda, Elsa Hagebakk, Stranda og Marianne Fivelstad, Hellesylt, Åge Gjørvad, Hellesylt, Leidulf Årvik, Stranda.

Skriftleg framlegg med god grunngjeving må sendast innan 15.05.18. Forslag utan grunngjeving blir ikkje tatt med i juryarbeidet.

Forslag sendast til:

Stranda Frivilligsentral

v/Aud Tomasgard Berstad

Øyna 13

6200 Stranda

eller e-post : audber@stranda.kommune.no

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380