Gardsnamnet Ringdal blir handsama på nytt

Skrivemåten av Ringdal, med eller utan `g` kjem opp til ny handsaming. Frist for kommentar til saka er 30. april og skal sendast Stranda kommune.

Stadnamnsaka i Sunnylven om Ringdal skal skrivast med eller utan `g` kjem opp til ny handsaming i Helse- oppvekst og kulturutvalet i Stranda.

Rådmannen går i si innstilling inn for at stadnamnet for gnr. 90 skal skrivast med `g`, altså Ringdalen, slik det og er gjort i bygdebøker for Sunnylven og Geiranger. Også grunneigarar til gnr. 90 (Rindalen) ønskjer at stadnamnet skal vere Ringdalen.

Etter lov om stadnamn frå 1. juli 2015 har grunneigarane rett til å fastsetje skrivemåten av namn på eige bruk dersom han/ho kan dokumentere at skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn lenge.

Ved saksutgreiinga ligg historikk tilbake til 1995 då Kartverket vedtok at det skulle skrivast Rindalen, altså utan `g`, noko Stranda kommune slutta seg til i vedtak frå 1997. Kommunen har likevel halde fram med å kalle området der med boligfelt, barnehage og brannstasjon for Ringdalsvegen og Ringdalsåsane.

Namnesaka kom opp for fullt igjen då det vart søkt om nytt vegskilt til garden og barnehagen i Sunnylven som ligg i Ringdalsåsen. Det gamle vegskiltet hadde igjen berre ein `l` på skiltet. Vegvesenet viste til skrivemåten av stadnamnet som var vedteke av Kartverket.

Sjå: http://www.hellesylt.info/2018/01/ringdal-med-eller-utan-g/

No kjem saka opp til ny handsaming og vedtak i Helse- oppvekst og kulturutvalet i Stranda. Rådmannen si tilråding er;

-Kartverket tek opp primærnamnsaka frå 1997 på nytt. Garden skal etter nye reglar nemnast Ringdalen med `g`.-

Frist for uttale er sett til 30. april 2018. Uttale skal sendast til post@stranda.kommune.no

Les også: https://www.stranda.kommune.no/aktuelt/hoyring-gjenopning-av-namnesak-vedk-gardsnummer-90-rindalen-i-stranda-kommune.5294.aspx

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380