LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2018

Halvdan Sivertsen til Hellesyltdagane

Halvdan Sivertsen blir å høyre i Sunnylven kyrkje under Hellesyltdagane. Han blir ein av mange store artistar som har gjesta Sunnmøres store sommarfest. (Foto: helg.no)

Artist Halvdan Sivertsen blir å høyre i Sunnylven kyrkje fredag 6. juli. Den folkekjære visesongaren innleiar årets Hellesyltdagar.

Mykje planlegging er lagt ned av komiteen, men noko står også att før alt er klart til årets store sommarfest på indre Sunnmøre, dei tradisjonsrike Hellesyltdagane som blir arrangert for 31. gong frå 6. til 8. juli.

Årets artist under konserten i Sunnylven kyrkje blir visesongar og artist Halvdan Sivertsen. Artisten som såg dagens ljos i 1950 vaks opp i Bodø og starta si artistkarriere som visesongar med å framføre både politiske og personlege tekster. Debutalbumet kom i 1973 med Halvdan 23 ½ år, og etter då har publikum og popularitet auka.

I 1979 kom Nordaførr som mellom anna inneheldt den folkekjære Kjerlighetsvisa. Halvdan Sivertsen har fått fleire Spelemannsprisar og nådd Topp 20-lista fleire gonger.

I seks år, frå 1988 – 94 var han med i det suksessrike gruppeprosjektet Gitarkameratane saman med Lillebjørn Nilsen, Jan Eggum og Øystein Sunde.

Av store landeplaget som Halvdan Sivertsen har gjeve ut må nemnast Førr ei dame, Ti tusen tommeltottar, Viss du vil ha mæ, Jul i Nord, og Vente på toget. Men aller størst er nok Kjærlighetsvisa, ein låt som kanskje blir å høyre når artisten held konsert i Sunnylven kyrkje fredag 6. juli.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380