Lokalnytt

Hellesylt treng Basecamp Hotell

Bygging av eit nytt hotell på Hellesylt vil føre med seg det bygda treng, ny optimisme og vekst. Det skriv Hellesylt Næringslag i ein uttale der dei gjev full støtte til Flakk-gruppa sine planar for eit heilt nytt hotell.

-I fleire år har næringslivet på Hellesylt hatt ei negativ utvikling. Arbeidsplassane har blitt færre, folketalet har minka og det går galne vegen med elevtalet i grunnskulen i bygda.

Hellesylt Næringslag ser med bekymring på framtida for Sunnylven. Dei siste åra har det blitt vanskeleg å starte opp nye ting utan at mange meiner mykje. Stadig har kampar blitt utkjempa, og no er det lagt opp til nye tak for og imot eit nytt og sårt tiltrengt hotell i bygda.

Hellesylt Næringslag støttar Flakk-gruppa sine planar for eit heilt nytt hotell. Andre med skrivelyst framfører sine argument for vern av gamle Grand Hotell og ser for seg nye tider for eit bygg tida har reist ifrå.

Men kva skriv dei om eigentleg? Jau, det blir hevda at Grand Hotell er Hellesylt sin identitet, det kan nærmast bli bygda sitt signalbygg, ein turistattraksjon for området. Det blir fortalt om at ein gong var hotellet ein attraksjon for Europas elite, der er historiske besøk i dørstokkane av keisarar, kongar og dronningar. Og om ikkje det skulle vere stort nok så blir det antyda at Geirangerfjorden med omland vart innskrive på UNESCO si Verdsarvliste på grunn av gamle bygg, og då slike som Grand Hotell. Det er vel å drage verneiveren litt for langt.

Mange sunnylvingar sin draum er at når dei kjem tilbake ved høgtider, feriar og liknande skal alt vere som før. Sjølve «rømde» dei bygda, men har sterke meiningar om korleis her skal vere.

Det blir mykje snakk om bevaring av gamle hus. Men kva med bevaring av bygdesamfunnet vårt, arbeidsplassar og framtida til neste generasjon?

Mange argument kan brukast om ein er engasjert i ei sak der ein etter kvart trur at ein har rett. Likevel ligg det kostnader i alt, også i bevaring av eldre bygg. Spørsmålet blir kven som skal betale for restaureringsarbeidet som må til for å setje Grand Hotell i drivverdig stand igjen. Det vil koste om det skal bli det eksklusive hotellet innerst i Sunnylvsfjorden.

Og blir det så flott og for kven? Blir det drivverdig heile året der unge og eldre i bygda kan møtast i kvardag og fest, der turistar og andre reisande skaper eit pulserande liv, og der folk som vil oppleve Sunnylven si flotte natur kan bu.

Korleis skal det byggjast 50 moderande rom i gamle Grand Hotell, og på sikt utvide til 75 rom utan å endre på fasaden? Vi berre spør om der er bygningskyndige som vi ikkje kjenner. Og ikkje minst viktig, kven vil vere drivar av eit hobbyhotell på Hellesylt. Staden har nok museumsbygg og andre bygg som bør få fastbuande. Då treng Hellesylt nye arbeidsplassar, noko det nye Basecamp Hotel vil gje.

Vårt inntrykk er at eit stort fleirtal sunnylvingar ønskjer hotellet til Flakk-gruppa velkomen. No eller aldri er omkvedet i bygda. At riving av gamle og råteskada Grand Hotell skal vere ei katastrofe for bygda er Hellesylt Næringslag sterkt usamd i. At Union Hotel i Geiranger og Alexandra i Loen vart bygd opp i ny stil og nye materialar vart rett og slett ein suksess. Noko anna kan ingen hevde.

Lønsam drift må ligge i botnen for all investering, då går det ikkje å lappe på utdaterte og falleferdige ting. Sjå til landbruket, der må gamle driftsbygningar vike for nye, moderande bygg. Noko anna går ikkje i hop økonomisk for heiltidsbonden.

Hellesylt Næringslag ønskjer ei levande bygd, gode og trygge arbeidsplassar, eit godt oppvekstmiljø med gode ferie og fritidsmoglegheiter innan kultur og idrett. Næringslaget meiner at eit nytt hotell på Hellesylt vil gje det bygda treng, ny optimisme og ny vekst.

I dagens samfunn nyttar det ikkje med nostalgi. Ingen lever av glansbilete og av historikk, men vi kan leve med det og av erfaring skape noko nytt og betre.

Hellesylt Næringslag,

Øystein Ljøen, leiar

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380