Lokalnytt

Konsert i nyrestaurert skulehus på Ljøen

Skulehuset på Ljøen. (Foto: Bente Bonsaksen)

Konserten i Fjellgården Øvre Ljøen amfi laurdag 7. april er flytta til nyrestaurert skulestove på Ljøen, same dag og same tidspunkt. Og husk, det er PÅMELDING!

Kanskje har kuldegradane vore påverkande, men det vart få påmeldte til konserten i Fjellgården Øvre Ljøen Amfi laurdag 7. april. Trubadur Odd Harald Eriksson kjem til Ljøen og konsert blir det, men ikkje i Amfiet denne gongen opplyser Bente Bonsaksen. I staden blir det akustisk konsert i det nyrestaurerte skulehuset på Ljøen.

Skulehuset på Ljøen var i bruk som skule fram til 1950. No hadde huset behov for vedlikehald, taket var lekk og det var skadar innvendig. No er det meste gjort med tett tak, nytt panel i himling og oppussing av ein flott vedomn, fortel Bente Bonsaksen. Og laurdag 7. april skal huset taklast i bruk igjen, ikkje som skule, men til akustisk konsert med Odd Harald Eriksson. Der kan det også bli ei eller fleire overraskingar seier Bente som må ha PÅMELDING då der er begrensa plass, max 30 personar. Ring mob.916 23 265 seinast onsdag 4. april.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380